Sport | 26. feb. 2018

Til Flesland for å ta imot Sverre

Reiertsen ba om dispensasjon for å gå med ordførarkjede - Axelsen har invitert med seg to gjestar.

Til Flesland for å ta imot Sverre
Fungerande ordførar Laila Marie Reiertsen og kultursjef Lisbeth Axelsen er klare for å ta imot Sverre og Sindre på Flesland. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 26. feb. 2018 11:33

Klokka 19.30 måndag kveld landar Sverre Lunde Pedersen på Flesland med to OL-medaljar rundt halsen:

Gull frå lagtempo og bronse frå 1500-meteren.

Mens Håvard Holmefjord Lorentzen har reist direkte frå Sør-Korea til Kina for å delta i sprint-VM, har Sverre reist heim saman med ein halvt osing, gullkamerat Sindre Henriksen.

Fana IL har organisert velkomstkomité for dei to OL-heltane. Der ventar òg både buekorps og Bergen-ordførar Marte Mjøs Persen (Ap), ifølgje BA.no.

Fungerande Os-ordførar fekk gå med kjede

Frå Os kommune kjem kultursjef Lisbeth Axelsen og fungerande ordførar Laila Reiertsen (Frp).

– Det har vore heilt fantastisk å følgja Sverre sin suksess i OL. Vi føler det ikkje er lenge sidan vi gav han kulturstipend. No har han halde seg i verdstoppen i årevis, og heldigvis blei det full klaff! Sverre er ein som jobbar hardt og målretta, og som viser tolmod. Han er eit godt forbilde for mange idrettsutøvarar, synest dei to.

Reiertsen har i utgangspunktet ikkje lov å gå med ordførarkjedet utanfor kommunegrensa. I dag har ho fått lov likevel.

– Det er ei så stor og viktig hending for både Fana il, Bergen og Os, at eg tenkte det ville vera stas med fleire ordførarkjede på Flesland denne dagen. Eg ringte til Bergen kommune, som sjølv får dispensasjon til å stilla med kjede under tenning av norsk julegran i Newcastle, og fekk løyve til å ta kjedet på meg, fortel Laila.

Tar med seg to supporterar

Reiertsen og Axelsen håper fleire frå Os vil stilla med flagg på Flesland i kveld. Sjølv har dei bestilt maxitaxi frå Os i ettermiddag.

– Vi har invitert med oss John Lepsøy og Brynjar Øvstedal.

– John er ein supporter og ein atlet som på frivillig basis sjekka om isen var trygg i Os i fleire år før vi gav oppdraget til Os brannvesen. Og så har vi invitert Brynjar, som er ein ruvande, kunnskapsrik og svært engasjert supporter, ikkje minst når det kjem til fotball og skøyter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.