Sport | 19. mai 2011

Til fots i svart løype?

Os kommune har søkt om midlar til å merka og gradera turstiane i Os i tråd med ny nasjonal standard.

Til fots i svart løype?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 19. mai 2011 07:34

Os kommune i samarbeid med Os Turlag og Bergen, Omland Friluftsråd og Reiselivet har søkt om midlar til å merka og gradera turstiane i Os. Merkinga skal følgja «Nasjonal standard for merking og gradering av turløyper».

Gjensidigestiftinga har gjeve 10 millionar kroner til dei fire til arbeidet. Midlane er fordelt over to år, og det er desse kronene kommunen no har søkt om å få ein del av.

– Vi har søkt om 80.000 første året og 70.000 det andre året, fortel idrettskonsulent Tom Leonsen.

Totalt er merkeprosjektet i Os kostnadsberekna til cirka 400.000 kroner, inkludert ein del dugnadsarbeid .

Vil starta over ferien

Kommunen reknar med å få svar på søknaden i løpet av mai og, om svaret blir positivt, håper dei på å koma i gang med arbeidet rett over ferien.

Målet er å merka delar av dei fleste stiane i Os med dei nye skilta i løpet av ein 4-årsperiode.

Leonsen fortel at dei i første omgang ønskjer å merka om dei stiane som ligg i nærmiljøet, slik at innbyggarane kan bli kjent med denne type skilt.

–Eit anna poeng er å gjera skilta kjent blant tilreisande slik at dei kanskje vel å ta turen tilbake til Os for å utforska kva andre område kommunen har å by på.

Den første turstien som vil bli merka etter den nye standarden er Strandvegen frå Oseana til Moldaneset.

Grøn, blå, raud og svart

Målet med den nye merkinga er, i tillegg til å styra ferdsla, å gje folk ein reiskap til å vurdera om turen passar dei.

– Vi ønskjer at folk skal koma seg ut og gå turar, og at dei skal finna ein sti som passar deira fysiske, forklarar Leonsen som presiserer at montering av skilta vil bli gjort i samråd med grunneigarane.

Graderinga følgjer ein standard med grøne, blå, raude og svarte symbol, som i alpinbakkane. Når ei løype skal fargeleggast skal lengde, høgdemeter og tida det tar å gå løypa bli tatt med i vurderinga.
– Grøne turar er i hovudsak kortare turar som alle skal kunne gjennomføra, og der det ikkje trengs noko spesiell ferdigheit eller utstyr.

– Så aukar «vanskeleggraden» opp til svarte turar, som er lengre turar berekna på folk med betre uthald og godt fottøy, forklarar Leonsen.

Kart og omtaler

– Infotavler og startpunkttavler vil først verta prioritert. Merking av turane vil bli ein kombinasjon av nye skilt og bruk av dagens skilt. Den totale tilskotssummen vil bli avgjerande på omfanget av prosjektet, seier Leonsen.

– Ved alle startpunkta vil vi sette opp infoskilt som fortel litt om turen og eit kart som viser kor vegen går vidare.

– I tillegg tar vi sikte på å setja opp ei samla oversikt på strategiske punktar, for eksempel ved turistinformasjonen ved det gamle kommunehuset eller Oseana, der alle turane i Os er merka av på kart med startpunkt, parkering og gradering av turen, sier Leonsen.

Kjem på nett

Prosjektet har eit mål om å digitalisera løypa og få GPS-merka dei i kommunen sine eigne kart.

– Vi jobbar allereie med å få gått opp løypene med . Når vi kjem så langt at vi får lagt løypene i våre digitale kart på nett vil det bli eit eiget val for turkart på kommunen sine sider, der du kan skriva ut karta.

–Du vil også i løpet av perioden leggja inn ein eigen portal på kommunen sine nettsider der du vil kunna få ei oversikt over alle dei merka turløypene i kommunen. Der vil vi visa startpunkt for turen, graderinga, parkering, tidsbruk og liknande, avsluttar Tom Leonsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.