Lokal | 03. sep. 2020

– Til hausten blir alle bjørnafjordingar hytteeigarar

Denne hausten skal to nye dagsturhytter reisast i kommunen. Desse skal vera tilgjengelege for alle -men kor skal dei liggja?

– Til hausten blir alle bjørnafjordingar hytteeigarar
Hytte til alle! Prosjektleiar Tom Leonsen (t.v.), ordførar Trine Lindborg og Kåre Nytræ frå Os Turlag. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 03. sep. 2020 08:01

I 2019 løyvde fylkeskommunen pengar til to dagsturhytter i Bjørnafjorden kommune - éi på Fusa-sida og éi på Os-sida.

Ei arbeidsgruppe sett saman av representantar frå kommuneadministrasjonen og turlaga har jobba iherdig for å gjere alvor av planane, og ikkje minst avgjere kor hyttene skal ligge.

Terje Raunsgard frå Fusa turlag, Kåre Nytræ frå Os turlag og Asle Andås og Tom Leonsen frå Bjørnafjorden kommune har saman gått gjennom moglege plasseringar som oppfyller kriteria for tildeling frå Vestland fylkeskommune.

Val av plassering gjekk etter desse kritteria:

  • Meir enn 40 parkeringsplassar i gangavstand på 25-45 minutt
  • Tilgjengeleg for barn og unge, nærleik til barnehage, skule og idrettsanlegg og bustadområde
  • Gangavstand frå sentrum. Maksimalt 15 minutt køyretid frå sentrum til parkeringsplass
  • Stien må tole trafikkauke
  • Ta omsyn til kulturminne, skog, dyre- og planteliv
  • Skal ligge i eit område med samanhengande turvegar
  • Tomta må vere stor nok for eit bygg på 50 m2
  • Fin utsikt og gode soltilhøve
  • Godkjent avtale med grunneigar(ar) heile vegen frå parkering til hytta

Takk til mange

På ein regnfylt pressebrief i Os sentrum i morgontimane i dag møtte ordførar Trine Lindborg, prosjektleiar Tom Leonsen og Kåre Nytræ frå Os Turlag.

– Vanlegvis løyver fylkeskommunen midlar til éi dagsturhytte per kommune. Men eit samla kommunestyre gjekk inn for å søkje om midlar til to hytter i den langstrekte kommunen vår. Det er ekstra flott at vi fekk det til. Eg vil takke turlaga for engasjementet og det viktige arbeidet dei legg ned for folkehelsa i kommunen. Eg må òg seie at eg er svært takksam for slike positive og velvillige grunneigarar, seier ordførar Trine Lindborg (Ap).

– Kåre Nytræ, som representerer Os Turlag, har vore ein utruleg viktig støttespelar for å få dette prosjektet gjennomført. Dei gjer ein fantastisk jobb, understrekar Lindborg.

– Totalt kjem fem grunneigarar til å bli berørt av desse hyttene. Det gjeld ikkje berre grunnen som hyttene skal stå på, det vil også vera grunn som blir berørt heilt frå parkering og heile ferdselen til hytta, påpeikar Leonsen. Kjetil Koldal eig hyttetomta på Vetlavardhaugen, medan Einar Borgen er grunneigar der Borgafjellet-hytta skal stå.

– Parkeringa til Borgafjell skule vil innehelda kring 60 plassar som vert disponible for turgåarane. Men midlertidig har vi alliert oss med Borgafjell barnehage sine parkeringsplassar, då sjølvsagt etter barnehagens stengjetid og i helgene. Her vil det vera plass til kring 20-30 plassar, seier Leonsen.

– Vi må få berømma desse grunneigarane, dei har bidratt til eit løft for fellesskapet og det er vi heilt avhengige av, legg Lindborg til.

Framtidig utsikt frå dagstyrhytta på Borgafjellet, mot Endalausmarka og Lysefjorden. (Foto: Bjørnafjorden kommune)
Framtidig utsikt frå dagstyrhytta på Borgafjellet, mot Endalausmarka og Lysefjorden. (Foto: Bjørnafjorden kommune)

Og hyttene dei kjem ...

På Borgafjellet og Vetlevardhaugen/Koldal.

– Om seks veker vil hyttene bli frakta med båt frå Stadt og frakta vidare til fjells med blant anna helikopter, seier Leonsen.

– Vi er i dialog med grunneigarar om korleis vi kan skapa fleire sitjeplassar kring hytta, om det til dømes skal vera benkar og bord av trevirke, påpeikar Kåre.

– Vi håpar hyttene vil vere ein attraksjon i seg sjølv. På fine dagar kan ein møtast til leik og aktivitet rundt hytta, eller vandre vidare på ein av stiane i området. Når det regner og blæs, kan ein fyre i vedomnen og ete nista innandørs. Etter kvart vil det kanskje òg vere bøker i hyttene, seier Leonsen.

– Vi er i dialog med grunneigarar om korleis vi kan skapa fleire sitjeplassar kring hytta, om det til dømes skal vera benkar og bord av trevirke, påpeikar Kåre.

– Alle i Bjørnafjorden som ikkje har hytte frå før, treng ikkje kjøpa seg hytte, for no vert alle saman hytteeigarar, seier Leonsen.

– Kva med korona-situasjonen vi alle lev i no - kva for tiltak ser de føre dykk må på plass når hyttene er klare?

– Vi må ta dei førehandsreglane som allereie gjeld i samfunnet, det vil også vera tilgong på sprit og liknande, seier Leonsen.

– Samstundes ser vi ikkje føre oss at dette skal vera hytter kor du overnattar. Hyttene skal vera klare for nye gjestar kvar morgon.

Framtidig utsikt frå dagsturhytta på Vetlevardhaugen mot Eikelandsfjorden. (Foto: Bjørnafjorden kommune)
Framtidig utsikt frå dagsturhytta på Vetlevardhaugen mot Eikelandsfjorden. (Foto: Bjørnafjorden kommune)





Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.