Lokal | 19. okt. 2012

Til Hollywood igjen

I periodar får André Øvredal tilsendt fleire manus i veka. Søndag reiser han til Hollywood igjen for to veker tettpakka med møter.

Til Hollywood igjen
André Øvredal. (Foto: SF Norge/Scanpix)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. okt. 2012 08:19

Filmen "Trolljegeren" (2010) fekk Publikumsprisen Folkets Amanda i 2011 og blei lansert internasjonalt som The Troll Hunter. Osingen André Øvredal, som har tekst og regi, fekk mykje merksemd for filmen, ikkje minst i Hollywood.

– Det har blitt fleire turar til Hollywood og mange spennande kontaktar. Sist eg var over var i april, då var eg der i ein månad, i hovudsak på feire, men det blei ein del møter òg, seier André Øvredal.

Øvredal er gift, bur i Oslo, jobbar i produksjonsselskapet Pravda - og har dei siste fem månadane vore mest heime på pappaperm.

Får fleire manus i veka

– Det tikkar stadig inn manus folk vil eg skal sjå på, i periodar får eg fleire manus i veka.

Nokre er små produksjonar, andre med enorme budsjett.

– Det fungerer gjerne sånn at den som sit på manuset prøver å kopla regissør med manager for å sparka prosjekta i gang.

– Av og til blir det kasta på deg med kort frist. Manus blir sendt ut til ei gruppe regissørar som gjerne må melda tilbake innan fire dagar i forsøk på å selja seg inn. Eg var med ein runde på eit større superhelt-prosjekt i sommar. Det gjekk til ein annan, men det var veldig morosamt å vera på lista over dei regissørane som blei vurdert, synes André.

På jakt etter den gode historia

Det er naturlegvis ikkje alt osingen kastar seg over av det som kjem inn.

– Kva er det som må til for at du skal fatta interesse? Er det spesielle kategoriar som skil seg ut?

– Alle kategoriar er i utgangspunktet interessante, men enkelte kategoriar har ofte dårlege historiar, som vanlege valdsfilmar. Eg les gjerne berre tre sider av eit action-manus før eg får inntrykk av at dette har folk sett før. Då droppar eg det.

– Eg er dessutan ikkje interessert i å bruka timar på å koordinera ein klisjeaktig skyteepisode som varer i tre sekund, viss det i tillegg er ein fattig historie. Då ser eg heller etter ei original historie, eller ei historie der eg ser at det blir mykje jobbing med skodespelarane.

Ordknapp om møta

Etter Trolljegeren har det, ved sidan av familie og manus-lesing på kveld- og nattestid, gått i produksjon av reklamfilmar og ein kortfilm for Øvredal.

Når han søndag reiser til Hollywood igjen er det for to veker.

– Eg skal ha ein del møter, det er 10 prosjekt som skal diskuterast.

Øvredal vil ikkje seia meir før han veit om han sjølv blir involvert i nokre av desse.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.