– No skal vi på Capri og feira at vi har gått Ulvenmarsjen. F.v. Ieva Vanaga, Harald Thuen, Mattis Andersons, Aron Lom Soldal og Anna Lindén i mål etter å delteke på årets marsj. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

Til månen - og litt forbi

På sine 41 år har Ulvenmarsjen sine 27.969 deltakarar saman gått 391.566 kilometer - til månen er det 384.400 kilometer.

image
image
image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Tala for årets marsj er klare; 442 personar registrerte seg og gjekk turen. 293 av desse tok turen på laurdag, og dei resterande gjekk idag.

Den eldste som gjekk den den 14 kilometer lange løypa i år var Otto Tysland - 82-åringen kan i tillegg notera seg å ha gått samtlege av dei 41 marsjane som har vore arrangert.

– Litt av nokre å sko å fylla

Leiar i friidrettsgruppa til Søfteland idrettslag, Morten Jensen, har vore hovudansvarleg for årets marsj. Han fortel med audmjukheit om korleis det har vore å ta over etter Erling Andersen;

– Erling har jo styrt skuta i 26 år no, og det er jaggu litt av nokre sko å fylla. Det har vore godt å veta at han uansett har styrt litt i kulissane. Faktisk så fekk han tid til å gå marsjen sjølv i går.

Jensen fortel at for å arrangera Ulvenmarsjen krevst det i overkant av 30 personar;

– Dette er for sjølve arrangementet laurdag og sundag, i tillegg er det 5-7 personar som står for riggearbeid før og etter marsjen.

Godt nøgd med årets tal

Avtroppande ansvarleg, men framleis ikkje heilt ferdig med Ulvenmarsjen, Erling Andersen seier seg godt nøgd med ein total på 442 deltakarar i år;

– Det er er travle helger på våren, og trass i mange konfirmasjonar, er 442 eit tal som legg seg fint inn i statistikken.

– At dei fleste gjekk marsjen i går er nok eit resultat av vêrmeldingane for helga.

Gjorde comeback etter 32 år

Harald Thuen har nettopp fått medaljen sin som prov på at han har fullført årets marsj.

– Dette er min sjette gong, og sidan sist eg gjekk har dei jo snudd løypa. Eg fekk veta i sekretariatet at eg sist eg gjekk, var før løypa vart snudd i 1987, så dagens tur kan vel sjåast på som eit etterlengta comeback.

Thuen fortel om ein fin tur, trass i at den starta i ei haglbyge.

– Det var småsurt på Ulvensletta, men vi hadde som motto at vi måtte gå for å halda varmen. No tek vi oss ein velfortent tur ned på Capri.

Til månen - eller ti gongar rundt jorda

Det er tydeleg at sjølv om Erling Andersen no gjer eit godt forsøk på å gje stafettpinnen frå seg, har han etter 26 år mykje å visdom og talmateriale godt lagra i husken.

Når artikkelforfattaren får lyst å veta kor mange som totalt har delteke på dei 41 marsjane, eller kanskje endå betre - kor langt har dei gått totalt, må Andersen leggja frå seg hot-dogen. Det er tydeleg at han er glad i tal han òg.

Historiske fakta og anekdotar kjem på løpande band samstundes som det vert rekna på år, personar og kilometer.

2019 medrekna har 27.969 personar gått Ulvenmarsjen. Saman har dei gått 391.566 kilometer.

Til månen er det 384.400 kilometer - og rundt Ekvator er det «berre» 40.076 kilometer.

40 med 6 rette

Alle som går Ulvenmarsjen kan ta del i ein kunnskapskonkurranse undervegs.

Erling Andersen fortel no i kveld at rundt 40 personar hadde alle svara rett på konkurransen.

Av desse vart følgjande sju trekte ut til å vinna gåvekort i premie:

Øyvind Tøsdal, Therese Jonsson, Susanne Lekven, Nicolas Sundås, Øivind Sletteng, Emma Farestveit Dale og Kevin Døsen Dahl.

Fleire saker

Til månen - og litt forbi | midtsiden

Feil

Det oppstod en uventet feil på nettstedet. Prøv igjen seinere.