Kultur | 22. juni 2010

Til NM-finale

Lukasz Brekke, som nyleg kom heim etter praksis på verdas beste restaurant, er for andre år på rad tatt ut til NM. Samstundes går han med planar om å opna restaurant på Os.

Til NM-finale
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 22. juni 2010 05:30

I fjor var han yngste deltakar i NM i kokkekunst, og einaste finalist som ikkje hadde vore med i NM før, i år er osingen Lukasz Brekke igjen tatt ut som ein av dei 12 NM-finalistane.

- Det var veldig kjekt å vera ein av dei rundt 50-60 påmeldte som blei tatt ut, og eg kjem nok til å få bruk for ein del av det eg lærte av å delta i fjor, seier Lukasz.

I 2009 var også osingen Børge Brekke (frå Bjørnefjorden Gjestetun) med, i år er Lukasz einaste deltakar frå bergensområdet.

Utan pepar
Noko av det Brekke lærte av NM-debuten var at det er mykje som er lurt å ha med seg, og meir enn kva han trudde som er lov å førebu eller laga ferdig før konkurransen startar.

- Enkelte hadde med seg bra mannskap som hjelpte til med praktiske oppgåver, andre hadde med eigne kjøkkenmaskiner. I år kjem eg til å stilla både med nye maskiner og meir førebudde råvarer.

Ut frå kva han fortel ser det også ut som om opphaldet på danske Noma, som nyleg blei kåra til verdas beste restaurant, har gjeve han lærdom han tar med seg til NM. Noma er blant anna kjent for å halda seg til nordiske råvarer.

- Eg kjem til å plukka nokre urter sjølv, i skogen her i Os, og eg kjem til å halda meg til nordiske råvarer. Bortsett frå sjokoladen, som er med i kravet frå arrangørane, og noko olivenolje, styrer eg unna alt eksotisk, også pepar (!), fortel han.

Årets oppgåve
Finalen går i Trondheim Spektrum 29. og 30. september. Finalistane er valt ut på bakgrunn av menyen dei har sendt inn, ein trerettars til 12 personar, som skal lagast på fem timar.

- Forretten skal serverast etter 5 timar, hovudrett etter 5,5 og dessert 6 timar etter start.

Ifølgje oppgåva frå arrangørane skal forretten blant anna bestå av laks og norske belgvekster, hovudretten av kalv ytrefilet og åkersjampingjong desserten av valrhona sjokolade og norske pærer.

Vil opna restaurant på Os
Etter at han kom heim frå Noma byrja Lukasz å jobba på sjømatrestauranten Cornelius på Holmen vest for Bjorøy.

- Eg trivst godt her. Det er ein fin restaurant med godt fagmiljø, så vi lærer mykje av kvarandre, fortel han.

Men Lukasz har ikkje gløymt draumen han fortalte om i fjor, å opna ein liten, intim gourmetrestaurant i Os.

- Før eg kom heim frå Danmark starta dialogen med nokre potensielle samarbeidspartnarar. Eg har vore og sett på eit aktuelt lokale og vi har kome eit stykke med planlegginga. Går alt som vi trur så opnar vi ein ny restaurant på Os før neste sommar, seier Lukasz Brekke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.