midtsiden

Til OBJ-festivalen!

Osøren Blues & Jazzfestival har programslepp på nye nettsider. Blant årets trekkplaster finn vi CC Cowboys.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I fjor blei Osøren Blues & Jazzfestival supplert med 30 gradar varm fønvind, full båthamn og heit stemning. I år startar arrangørane med å sleppa programmet på nye heimesider, osoren.org har blitt til osoren.no.

- Årsaka til at vi har gjort denne endringa er at vi ønskjer tettare kontakt med publikum, så tidleg som mogleg før festivalhelga, seier festivalsjef Gunnar Nagell Dahl til Os & Fusaposten.

Den nye heimesida gjev dessutan betre service og informasjon til gjestane, den er lettare å orientera seg i og har blant anna integrerte videosnuttar av artistane i programmet.

Frigaard, som gjorde suksess i fjor, kjem tilbake i år, det same gjer osingen og saksofonisten Marius Neset, i år med duo og trio. Andre osingar skal også på scenen, i det lokale bluesbandet Blue Note Shuffle.

Her er nokre av artistane som er klare for årets OBJ-festival:
• Angela Brown and the Mighty
• Arve Håland & Cajun Gu
• BB Lyngs Bluesband
• Blue Note Shuffle
• CC Cowboys
• Eric “Slim” Zahl & the South West Swingers
• Frigaard
• Marius Neset og Daniel Herskedal
• Omar & the Howlers
• Trond Olsen Band

På dei populære blues- og jazzcruisa skal Osøren Jazzensemble, Frigaard og Eric Slim Zahl stå for musikken.

Til årets kyrkjekonsert har arrangørane fått tak i Angela Brown frå Chicago. Brown har bakgrunn som både innan gospel og blues, og kjem med the Mighty 45’s til å laga ekstra mykje liv i Os kyrkje siste festivaldag.

Under bilda kan du sjå ein videosnutt med Angela Brown LIVE.

Fleire saker