Lokal | 09. apr. 2017

Til Os med drivhus og hagestover

Grønt Fokus held på å bygga butikk for bergensregionen - på Gudriflaten.

Til Os med drivhus og hagestover
Grønt Fokus har leigd fleire hundre kvadrat hos Plantasjen til ny butikk for bergensregionen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 09. apr. 2017 09:23

Bildeserie:

Frode Strønen skal jobba hos Grønt Fokus også etter opning. (Foto: KVB)
Frode Strønen skal jobba hos Grønt Fokus også etter opning. (Foto: KVB)
Opninga blir i mai. (Foto: KVB)
Opninga blir i mai. (Foto: KVB)
Sånn skal lokalet innreiast. (Skisse: Grønt Fokus)
Sånn skal lokalet innreiast. (Skisse: Grønt Fokus)
1 av 3

25 år gamle Grønt Fokus AS er ein leiande aktør innan sal av drivhus i Noreg, og ekspanderer no langs Norskekysten.

– Vi har nyleg hatt ei svært vellykka opning i Sandnes, der Trond Moi sto og serverte fiskesuppe i det som òg er ei butikk i butikk-løysing, seier Thore Fossheim.

I Os som i Sandnes leiger Grønt Fokus lokale hos Plantasjen. Butikken på Gudriflaten er under bygging og skal opna i starten på mai.

Lokale drivarar

Rundt 400 kvadratmeter av Plantasjen i Os blir no med hagerelaterte, supplerande varer.

– Butikkane vi har frå før, i Oslo og Kristiansand, er ikkje saman med hagesenter, men vi har veldig tru på denne kombinasjonen. Plantasjen har både møblar, og grønt til å fylla hagestoven og drivhusa våre med.

Då Midtsiden var innom fredag var Frode Strønen i god gang med montering av nokre av hagehyttene i utstillinga.

Han har lang fartstid i bransjen, spesielt innan engros, og skal jobba i butikken også etter opning. Butikksjef blir Trude Glesnes Bakkely, også ho frå Os.

Stort nedslagsfelt

Grønt Fokus sel frå før over heile landet, og reknar med at butikken frå Os vil tiltrekka seg kundar også frå nabokommunane.

– Vi blei kjøpt opp av svenske Skånska Byggvaror Holding AB for nokre år sidan. Dei er frå før store på skyvedører, noko som både pregar hagestovene, drivhusa og resten av utvalet vårt.

Grønt Fokus var lenge blant marknadsleiarane i Noreg innan basseng, men har dei siste åra hatt fullt fokus på tak over hovudet. Ved sidan av hagestover og drivhus har selskapet leikehytter og bodar, markiser og badstover i utvalet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.