Kultur | 16. okt. 2017

Til Os med tips - og litt tull

Held foredrag for Fargerike: – Målet er at dei som høyrer på skal få nokre konkrete råd, men det viktigaste er litt glød, seier Einar Nilsson frå «Tid for hjem».

Til Os med tips - og litt tull
Einar Nilsson kjem til Os for å halda foredrag om tapetsering. (Pressebilde/TV2)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 16. okt. 2017 11:38

Fargerike Os markerer onsdag at dei er 65 år. På programmet står ein kundekveld med kunnskap i fokus.

– Fleire leverandørar kjem for å delta, så gjestane blir delte i grupper for å gå frå stasjon til stasjon der dei får inspirasjon og gode råd innan både farge, tapet, maling og ulike formar for behandling av interiør, fortel Børge Solberg.

Kvelden inneheld òg foredrag av tapetserar, malar og grafikar Einar Nilsson, kjent frå «Tid for hjem» på TV2.

Gjekk streng skule i USA

Det var nok ikkje berre det gode humøret og dei sjarmerande krøllene som gjorde at Einar Nilsson blei del av teamet på Tid for hjem. Einar er spesialist innan alle formar for tapetsering, han har hatt to år læretid i USA og studert arkitekturhistorie og lærd male- og konserveringsteknikkar i Venezia.

– Amerikanarane bruker mykje tapet, ikkje minst på 80-talet, då eg gjekk i lære der. Eg reiste rundt med ein streng læremeister frå California og deltok i fleire spennande, avanserte og kostbare oppdrag, fortel Einar til Midtsiden.

Heime i Noreg starta han sitt eige tapetseringsfirma (Kustom Tapetsering i 1986), han har laga kulissar til film, TV og teater, og han tar framleis oppdrag innan tapetsering, dekorering og malingsrestaurering i antikvariske bygningar.

– Kva med ordinære maler- eller tapetseringsoppdrag, går det an å leiga deg til eit vanleg malerjobb?

– Det blir stort sett litt spesielle oppdrag, eg er glad i variasjon og utfordringar. Til meir ordinære oppdrag, eller ein kombinasjon, har eg handverkarar som eg samarbeider med, der dei tar størstedelen av jobben, men eg gjerne er med i starten, eller på delar av den, for eksempel ein vegg eller to.

Aukande popularitet

«Tid for hjem» er i sin 15. sesong. TV-innspeling tar stadig meir av tida til Nilsson og resten av handverkarteamet.

– Folk er tydelegvis stadig meir opptatt av å få det fint i heimen. Vi starta med 6, 7 og 8 episodar, så auka det til 12-14, og no blir det 18 episodar. Det er travelt, men det er veldig gøy.

Likevel har Einar tid til andre ting.

– Tidlegare år var sesongen ferdig innspelt på nokre månadar på våren, no held vi på frå januar til sommar, og frå august til desember. Men alt er godt planlagt, så vi veit kor tid vi er ledige for andre oppdrag.

I morgon skal Einar halda to foredrag i Kristiansand, onsdag kveld er han hos Fargerike Os.

– Kva snakkar du om på foredraga dine?

– Mange synest jo det er kjekt å koma berre fordi dei liker å sjå på «Tid for hjem», men eg har også ambisjonar om å læra frå meg noko. Eg viser bilde med gode og dårlege eksempel på tapetsering, serverer nokre anekdotar, driter ut meg sjølv og andre litt - og så har eg ein vegg i lokalet der eg viser litt teknikk og bruk av ulike verktøy.

– Det skal bli nyttig, men det er òg viktig at det blir hyggeleg. Oppussing skal gjennomførast meg godt humør, litt glød er viktig viss resultatet skal bli bra!

Servering og påmelding

Hos Fargerike Os ser dei veldig fram til å ta imot Einar og resten av gjestane.

– Vi har god plass, men det er grenser for kor mange vi kan ha innafor dørene denne kvelden. I tillegg har vi servering av litt mat, derfor er det påmelding til denne kvelden.

Det blir ein smak av Osøyro Kolonial sin juletapas, gode tilbod og fleire premiar til gjestane.

– Det er første gong vi har denne formen for kundekveld, så vi er veldig spente sjølv, seier Solberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.