Kultur | 25. juli 2012

Til Russland med Paradox

Filmfestivalen Open Cinema i St Petersburg viser 827 filmar frå over 60 land. Den einaste norske er osingen Rolv Lyssand Bjørø sin kritikarroste film, Paradox.

Til Russland med Paradox
Rolv Lyssand Bjørø reiser til St Petersburg for å representera Noreg under filmfestivalen Open Cinema. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. juli 2012 09:44

2012 har til no vore eit godt år for filmskapar Rolv Lyssand Bjørø (27). Først var han nominert under TIFF (Tromsø), der han hadde premiere på kortfilmen Skyggelys, så fekk han fin merksemd for kortfilmen Paradox under festivalen Minimalen i Trondheim.

I juni opna han filmfestivalen 60 gradar nord og rørte publikum til tårer med Skyggelys før han reiste til Berlin for å visa Paradox.

– I sommar har eg også vore på Den Norske Kortfilmfestivalen i Grimstad, der Paradox var nominert til pris.

– Det blei ikkje pris, men på veg til prisutdelinga kom det ein representant for festivalen i St Petersburg med ein spennande invitasjon, fortel Bjørø.

Representerer Noreg

Representanten hadde sett Paradox under festivalen i Grimstad og kjente igjen regissøren frå Os.

– Ho spørte om eg ville representera Noreg under Open Cinema i St Petersburg, seier Rolv, som takka ja og tar turen til Russland.

Open Cinema viser over 800 filmar frå over 60 land. Ifølgje programmet er Paradox den einaste norske filmen.

– Den største til no

– Festivalen varer frå 27. juli til 3. august. Eg får med meg starten av festivalen, men ikkje prisutdelinga.

Ekstern lenkje: opencinemafest.com

– Om det blir pris så blir det ein bonus, å få visa filmen på ein så stor festival, truleg større enn den i Berlin, blir det største eg har opplevd med nokre av filmane mine til no, seier Rolv Lyssand Bjørø.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.