Kultur | 21. nov. 2012

Til Søfteland i 2013

“Sylskarp pop. Lekkert, til tider storslagent” skreiv Aftenposten om førre plate. Neste sommar speler Real Ones både på dagtid og kveldstid på Søfteland Rock N LOL.

Real Ones er klare for Søfteland Rock N LOL 5. og 6. juli 2013. (Foto: Stian Andersen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 21. nov. 2012 09:00

Søfteland Rock N LOL, som nyleg var i tenkeboksen då det kom til å arrangera festival nr 7, er tidleg ute med første slepp til festivalen 5. og 6. juli 2013.

– Sjølv om det ei stund var usikkert om det blei festival neste år så har vi jobba som om det blei Rock N LOL 2013, seier bookingsjef William Lindborg.

Eit av banda han har halde dialog med, og som no er booka, er det kjente folk-rock-bandet Real Ones frå Bergen.

– Dei fem musikarane starta bandet i 1994, då dei var i ungdomsskulealder. I snart to tiår har dei imponert som eit fantastisk liveband og eit av Noregs mest originale musikkmakarar.

Gratis på dagtid

– Eg har vore stor fan lenge, og bandet er i dag kanskje på sitt mest kreative, seier William, før han fortel kvifor han booka nettopp dette bandet først.

– Familiedagen, gratiskonserten på dagtid, er ein veldig viktig del av Søfteland Rock N LOL. I år var det ein braksuksess med Samsaya og Datarock, og eg ville ha oppfølgjaren i boks så tidleg som mogleg.

Sjå òg: Fekk alle til å hoppa

(Bilde og video frå årets familiefestival på Søfteland.)

– Perfekt balanse

Real Ones har gjeve ut 7 album, alle til gode kritikkar, og i 2008 blei det spellemannspris i klassen popgruppe.

Ferskaste album kom i år, Real Ones & The Extended Family.

Dette er blant det som blir sagt om plata: 

• "Bergensgruppen runder myndighetsalderen med en formidabel vennefest" VG (5/6)
• "En morsom og solid plate man gjerne hører igjen" Telemarksavisen (5/6)
• "Blinkskudd av et familietreff" Aftenposten
• "Totalt sett en skikkelig god lytteopplevelse" Fædrelandsvennen (5/6)

Albumet frå i fjor, First Night On Earth, fekk også mykje ros:

6 i BT “Perfekt balanse. …bedre enn noensinne”

5 i BA “Det tåler å høres igjen og igjen, bobler av livsglede og gir en smak av Real Ones' musikalske rus”

5 i Aftenposten “Sylskarp pop. Lekkert, til tider storslagent fra Real Ones”.

Real Ones består av Ivar Vogt, Jørgen Sandvik, Kåre Opheim, Øystein Skjælaaen og David Vogt.

Sjå òg: realones.no

Midtsiden samleside: Søfteland Rock N LOL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.