Sport | 05. okt. 2009

Til topps etter 14 år

Trond Blomberg stilte i helga i sitt første karatestemne på 14 år. Han blei ikkje den einaste osingen som stakk av med gull.

Til topps etter 14 år
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 05. okt. 2009 19:59

Bildeserie:

1 av 2

Os Karateklubb stilte med 13 utøvarar i krinscup i Haukelandshallen i helga. Blant dei som var gamle nok til å konkurrera om medalje blei det tre gull, tre sølv og ein bronse, same resultat som søsterklubben i Bergen, Nordnes.

- Dette var svært bra av representantane frå WIKFN-klubbane, seier Erlend Slettevold, som var mest imponert over Trond Blomberg sitt comeback.

Finale mot Reed-Larsen
Blomberg byrja å trena karate tidleg på 80-talet, og svartbeltaren har også vore aktiv i det siste. Men stemnet i helga var første gong han konkurrerte i kamp sidan 1995.

- Trond tok seg til finale med siger på sudden death. Også finalen mot treningskamerat Henrik Reed-Larsen blei spennande, men Trond skåra det eine poenget som var i finalen i + 75 kg senior/junior.

Stortalentet Erlend er framleis ute med skade, og fungerte som coach denne helga.

Gull til Vegard og Åsmund
Erlend sin bror Åsmund har vore suveren i sin klasse lenge. I helga vann han 8-4 i kampen før finalen, kampen om gullet vann han 6-1. Motstandaren skåra ikkje, men fekk poeng grunna straff mot Åsmund etter to åtvaringar.

Medan Åsmund vann klassen 14-15 år blei det dobbelt Os i 12-13-årsklassen. Vegard Gjøsund gjekk ein jamn finale mot Benjamin Fimreite, og vann 1-0 på sudden death.

Fleire medaljar og deltakarar
Åsmund deltok også i kata, der han tok bronse. I tillegg var Tonje Skeie Hjelle med i kamp. I hennar klasse var det berre to deltakarar, og finalen enda med 1-3 tap for Jeanett Jensen frå Sentrum Karateklubb.

Fem yngre jenter frå Os var med i både kamp og kata. Tiril og Vilde Skjønberg Haaland, Sandra Lunde, Henriette og Katrine Grindeland deltok i klassen 9 til 11 år.

I konkurranse mot både gutar og jenter vann Tiril alle sine to-mot-to-rundar i kata (mønster). Også i kamp vann Tiril alle dei tre kampane hennar.

I kamp 9-11 år for gutar stilte to utøvarar frå Os, både Mathias Sørensen og Kristian Blomberg fekk nokre lærerike kampar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.