Kultur | 19. des. 2019

Til Tysnesfest for første gong

Belberten og resten av Vinskvetten speler to konsertar på Tysnes neste år.

Til Tysnesfest for første gong
I haust kom Vinskvetten med nytt album, neste år speler dei på Tysnesfest for første gong. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 19. des. 2019 08:55

– Me har prøvd i alle år, men festivalen vår har vanlegvis kollidert med ferien te Belberten. Difor er det med enorm glede og ikkje så lite stoltheit me kan fortelja at legendariske Vinskvetten endeleg kjem te Tysnesfest! seier dagleg leiar Øystein Vaage.

– Ausekarane, som inkluderer nokre av medlemmane i Vinskvetten, har vore fast innslag under festivalen. Kjem dei òg, at det blir dobbel dose Bjørn Jensen?

– Ausekarane kjem nok ikkje neste år, men dobbel dose blir det likevel! Vinskvetten speler på Gjerstad arena torsdag 9. juli og i Bermudateltet fredag 10. juli!

Tøffe travarar frå 70-talet

Vinskvetten blei starta som ein revy i Salhus lenge før Tysnesfest var påtenkt.

– Dei fleste som starta festivalen vår var ikkje påtenkt ein gong. Så det er eit band med ein fantastisk lang karriere bak seg som no kjem til Gjerstad arena.

Eventyret starta allerede i 1975, først under namnet «Salhus Vinskvetten», henta frå den gong meir kjente Salhus Kvintetten.

Mange av tekstene til Vinskvetten er knytt til eit eige univers, bygda Rothåla. Du kan gle deg til klassikarar som «Ronny Bruvik», «No e da helg», «Dans på Grasdal» og «Tjo og Hei og Duddelidei».

Nytt album - nytt show

Etter lang tid med skriving, komponering og innspeling er karane no klare for vegen igjen. I august sleppte dei plata «Dei Fem UiMotSlåelege», som blei godt mottatt av både presse og publikum.

Torsdag 17. oktober var det premiere på den nye framsyninga deira «Mysteriet på Ullaloftet» på Ricks i Bergen.

Vinskvetten består av Bjørn JensenGunnar LåstadJarle FarestveitArild Totland og Øyvind Østerbø.

Til no er følgande artistar lanserte til festivalen i 2020: HighasakiteCC CowboysHjerteslagHellbilliesTIXStavangerkamerateneVinskvetten og Kapteinen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.