Sport | 15. aug. 2015

Til USA for å ro

Arne Hadler-Olsen fekk scholarship ved North Eastern University i Boston. – Eg gler meg, målet er å ro seg inn på ein god åttar, fortel rotalentet.

Til USA for å ro
Arne Hadler-Olsen held formen ved like heime på Ulvenvatnet før turen går til USA i slutten av månaden (privat foto)
Andris Hamrelørdag 15. aug. 2015 08:44

I juli rodde 19 år gamle Arne Hadler-Olsen i den norske firaren under U23 VM i Bulgaria.

– Eg er eigentleg ikkje nøgd med det vi gjorde i VM, men var ikkje overraska. Vi rodde ikkje godt nok i forkant av meisterskapet heller. Teknikken og planen vi hadde stemte ikkje.

– Men det var ei fin oppleving, eg lærte mykje av å få testa meg opp mot dei beste og sjå korleis dei gjorde det. Den største skilnaden er korleis løpa blir rodd. I VM opna dei beste laga knallhard for å få eit overtak på konkurrentane for så å slukna litt på slutten. Her heime ror vi meir jamn og disponerar kreftene meir gjennom heile løpet, oppsummerar Arne Hadler-Olsen.

Fekk scholarship

I slutten av månaden set ungguten seg på flyet til Boston for å ta til på ei fire år lang ingeniørutdanning og for å ro på North Estern University sitt skulelag.

– Eg har fått scholarship for å ro på skulelaget. Skulen dekkjer 90 % av kostnadane mine, noko som kjem godt med. Skulle eg ha betalt alt sjølv ville det nok ha kosta opp mot 500 000 kroner.

– Då eg var der borte i februar for å sjå på skulen og snakka med dei fekk eg eit veldig godt inntrykk. Skulen har eit stort opplegg for at vi skal få utøva sporten. Dei gjer mykje for å tilpassa kvardagen slik at vi skal få rodd og studert samstundes, forklarar Hadler-Olsen.

Blei topp 6

Målet til rotalentet frå Os er å ro seg inn på ein god båt på skulelaget.

– I vårens USA meisterskap for universiteta kom dei til A-finalen og blei dermed blant dei seks beste laga i USA.

– Der borte handlar det om åttar. Det er den raskaste båten i roinga og det ligg mykje prestisje i det å ha ein god åttar på skulen. Alle dei store skulane har det og stiller i universitetmeisterskapa med båtar som kunne ha hevda seg høgt også i internasjonale meisterskap.

– Målet mitt er å utvikla meg som roar og ro meg inn på ein god åttar. Det er 35 roarar på skulen så konkurransen er tøff, men eg er innstilt på å gi alt.

På eigne bein

– Korleis blir det å forlata stiller og rolige Os og familien her heime til fordel for storbyen Boston då?

– Det er klart det blir ein veldig stor forandring på alle måtar. Men det blir gøy og kult å prøve noko nytt.

– Eg skal bo saman med dei andre roarane, så i tillegg til studiane så blir det jo som å leva i ei boble med roing og mykje trening. Mykje trening er eg vant med og likar, så det skal nok gå bra.

Nytt U23-VM er målet

Målsettinga for det kommande året er allereie klart.

– I tillegg til å ro meg inn på ein åttar på skulen, så er målet å kvalifisera meg til det norske laget til U23-VM i august neste år.

– Skuleåret startar no i september og går til mai, så eg kjem heim i god tid før VM. Dei store meisterskapa der borte går på våren så eg rekk båe delar, avsluttar ein reiseklar Arne Hadler-Olsen som ikkje blir heilt aleine på skulen. To bergensarar som han har rodd med tidlegare går der allereie.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.