Lokal | 19. nov. 2020

– Til vår store overrasking kom bilen tilbake, utan å ha bytta dekk

Først fekk han gebyr og åtvaring, så kom snøen, og så dukka bilen opp igjen med dei fem dårlege dekka.

– Til vår store overrasking kom bilen tilbake, utan å ha bytta dekk
To av dei fem ulovlege dekka på lastebilen frå Sunnhordland. (Foto: Statens vegvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 19. nov. 2020 19:00

Statens vegvesen har hatt trafikkontroll på Halhjem ferjekai i dag.

– På den eine lastebilen vi kontrollerte var alle dekka på drivaksel lang under minstemålet (5 mm). Dei hadde mønsterdjupne på frå 0,8 til 3,5 mm, fortel Knut Sylta frå vegvesenet.

I tillegg hadde det eine dekket på styrande aksel ei mønsterdjupne på langt under 5 mm.

Sjåføren fekk gebyr for alle fem dekka.

Svakt comeback

I dag har det snødd i Os, noko som har skapt trøbbel og utforkøyring i kveld.

– På kontrolltidspunktet var det bar, våt veg på Halhjem. Sjåføren fekk tydeleg beskjed om at dersom det hadde vore snø i vegbanen ville det vorte nedlagt forbod mot vidare køyring. Bilen hadde heller ikkje last på dette tidspunktet.

No tenkjer du kanskje at sjåføren slapp billig unna, men billig blei det ikkje.

Vegvesenet blei nemleg ståande, og tre timar seinare kom den same lastebilen tilbake. Då var det snø på vegane i Os og på Halhjem.

– Til vår store overraskelse oppdaga vi at ingen av dekka var bytta! fortel Sylta.

Sjåføren blei meldt for ikkje å retta seg etter pålegg. Det blei òg ilagt bruksforbod, men han fekk ta bilen med seg om bord på ferja og over til Sandvikvåg, der han skifta dekk. Sjåføren jobbar i eit firma frå Stord.

17 blei kontrollert - delte ut 14 gebyr

Totalt blei det stoppa 25 tunge bilar i dag, med utvida kontroll på 17 av dei.

Det blei skrive ut 13 gebyr for køyring med dekk med under 5 mm mønsterdjupne.

I tillegg blei det skrive tre tekniske manglar for feil med dekk og eitt gebyr på 6.500 kroner for overlast.

Køyre- og kviletid blei òg kontrollert, her blei det 4 skriftlege åtvaringar.

To bilar fekk bruksforbod.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.