Lokal | 11. des. 2020

Til våren kan du betala bussturen med kort

Innfører prøveordning med bankterminal på bussane.

Til våren kan du betala bussturen med kort
Vestland fylke innfører prøveordning med betaling med bankkort. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 11. des. 2020 10:55

I årevis har vi kunna betala både vaflar på fotballkamp og kjøpa lodd hos musikklag eller strikkelabbar på torgsal ved hjelp av bankkort. Men nåde den som stilte på bussen utan kontantar.

Frå 1. august 2018 blei det lettare, mengda sonar i Hordaland reduserte frå 470 (!) til 7. Samtidig kunne appen «Skyss Billett» brukast av alle.

80 prosent av dei som reiser med buss bruker denne appen til å betala reisa med i dag.

No har fylkesutvalet bestemt at det skal innførast ein prøveperiode for betaling med, nei, ikkje Vipps, men bankkort.

Utan tillegg i pris

I løpet av våren 2021 får dei reisande i Hordaland ein alternativ betalingsmetode. Som i Sogn og Fjordane blir det høve til å betale med bankkort om bord.

Fylkesutvalet har med 14 mot 3 røyster vedteke at det ikkje skal koste ekstra å betale med bankkort på bussen og om bord på båtruta mellom Kleppestø og Strandkaien, fortel Vestland fylke.

For at bussen ikkje skulle bli forseinka av mange som betalar med bankkort, fremja fylkesrådmannen forslag om eit tillegg i betalinga i sone A i Hordaland. Dette tillegget skulle vere det same som for dei som betalar med kontantar.

Saka har vore mykje debattert i fleire politiske møte. Det enda med at Trude Brosvik (KrF) fekk fleirtal for eit forslag om å ha ei prøveordning i eitt år med bankkortbetaling utan ekstra påslag.

Forslaget vart støtta av Arbeidarpartiet og Senterpartiet, og fekk i tillegg røystene til MDG, H, SV og FNB. To frå Frp og éin uavhengig røysta imot.

Dei som betalar med kontantar hos sjåføren, får framleis eit tillegg å betale, 21 kroner for vaksen og 10 kroner for barn og honnør.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.