Til VM i swing
Iceabella Johansen (25) og Sindre Spilde (26) frå Os Swingklubb er tatt ut til VM i swing.


Bildeserie:
Under ei landslagssamling for to veker sidan blei to dansarar frå Os Swingklubb tatt ut til VM i bugg i Sverige i oktober.
Iceabella frå Os og Sindre frå Fana blei noregsmeistarar i folkeswing i november i fjor, ei stil dei framleis konkurrerer i, men no satsar dei mest på bugg, der dei har NM-sølv frå før.
- Bugg er som ein mellomting mellom boogie-woogie og folkeswing, forklarar Sindre.
Svenskane er blant dei ivrigaste i Europa når det gjeld swing, og har kome med stilen bugg, som no ekspanderer i vår verdsdel. Det er også i Sverige VM går, i Eksjø 10. oktober.
Internasjonal erfaring
Osingen Iceabella gjekk på sitt første swingkurs då ho var 12 år, og har seinare dansa meir eller mindre samanhengande i Os Swingklubb. Då ho var 15-16 år konkurrerte ho for første gong, og ho hadde både NM-bronse og NM-sølv før ho saman med kjærasten Sindre vann NM i fjor.
- Vi har også vore med i nordisk meisterskap og i EM, fortel ho.
I nordisk var dei beste norske par etter innleiande runde, med 4. plass, men i neste runde blei dei litt for ivrige til å koma i finalen. I EM i fjor blei dei nest beste norske par med 15. plass.
Aktiv klubb
Landslagsutøvarane fortel om gode konkurranseforhold i nabolandet, medan det i Noreg blir for lite å bryna seg på.
- Svenskane dansar konkurranse fleire gongar i månaden, her heime har vi berre ei handfull konkurransar i året, seier Sindre.
- Men Os har ein god swingklubb, både for nybyrjarar og vidarekomne, legg han til.
Saman med Iceabella instruerer han i klubben, og på ein god onsdag har dei til saman over 80 personar fordelt på sju kurs utover kvelden.
- Det er også fleire gode konkurranseutøvarar i klubben, som Anne Margrethe Børresen og Christian Dworas, som fekk 4. plass i bugg i NM i fjor, og Jan Haukeland som med partnar frå Bergen fekk sølv i folkeswing.
LIVE på svensk TV
Ved sida av instruksjon av andre ligg paret i hardtrening før VM. 26. september blir det oppkjøring med Grenlandscup i Sandefjord, og 10. oktober er det VM i Eksjø.
- Det blir spennande å sjå kor godt vi klarar å matcha svenskane, og kor gode dei har rokke å blitt i den nye fswingformen i andre land. Det er ein del på kontinentet, og i Asia, som er i full swing med bugg, så vi får nok hard konkurranse, trur Iceabella og Sindre.
VM blir ifølgje Sindre vist LIVE på svensk TV 2.
Under bilda kan du sjå NM-finalen i bugg i 2008. Iceabella og Sindre i turkis.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.