Andreas Kytiri har trent med Lysekloster i sommar, men skade har gjort at det blei mindre trening enn han hadde håpa på. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andreas Kytiri har trent med Lysekloster i sommar, men skade har gjort at det blei mindre trening enn han hadde håpa på. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Tilbake frå Italia

Andreas Kytiri har funne seg ny klubb på Austlandet.

Kjetil Vasby Bruarøy
17. august 2017 - 22:32

Andreas Kytiri, som fyller 18 i år, kom på forsommaren heim til Os og Lysefjorden etter ni månadar på «Talent identification Program (TiP)» i italienske Assisi ved Perugia.

I Italia fekk han blant anna trena og spela med Nord-Korea sitt landslag i U19, og vera på prøvespel i fleire klubbar på tredje øvste nivå.

– Kva alternativ hadde du då desse ni månadane var over?

– Eg kunne tatt eitt eller to år til ved TiP. Det er lagt opp til tre år, der du trener og speler serie det første året, er på prøvespel det andre og jobbar inn mot signering på bra nivå det tredje året.

Kytiri rakk å koma på prøvespel det første året, og fekk tilbod om kontrakt frå både Livorno og Maceratese. Dette er klubbar på tredje øvste nivå i Italia, men den ambisiøse fotballspelaren frå Lysefjorden ville blitt del av U19-laget.

– Det kunne vore interessant nok. Sånn eg oppfatta satsar også dei unge spelarane på fotball på fulltid, og er del av den proffe ramma til klubben. Eg diskuterte det med foreldra mine, og vi er einige om at det no er greit å fullføra vidaregåande skule.

Til NTG i Kongsvinger

I sommar har Andreas trent med Lysekloster sitt A-lag når han har vore skadefri. Store delar av sommaren har vore prega av skadeopphald, men Ruben Hetlevik viste interesse.

– Han er ein lokal og spennande spelar som vi har plass til i stallen, sa Hetlevik til Midtsiden for ei god veke sidan. Men så reiste 17-åringen til Kongsvinger.

Sjølv om han, med god margin, var sein i forhold til søknadsfrist på vidaregåande skular, fekk Andreas tilbod om plass etter éin dag på prøvespel på Norges Toppidrettsgymnas i Kongsvinger.

– Eg sendte epost til NTG i Bærum og i Kongsvinger. I Bærum hadde dei fullt hus, mens i Kongsvinger blei eg invitert på prøvespel.

I går hadde han sin førsteskuledag i same by og same klubb som osingen Mats Cato Moldskred.

Med mål om å spela NM

Det blir mykje fotball også heime i Noreg på unge Kytiri, to timar i skuletida og éi økt med klubben på kveldstid.

– Juniorlaget speler på Kongsvinger 2 i 4. divisjon.

– Dei slo nyleg Sarpsborg 08 i junior-NM og møter Molde i kvartfinalen. Førebels er det eit mål å spela seg inn i troppen til NM-runden.

Kultursjokk og attest

Nøgd med å vera tilbake i Noreg, med skuleplass på NTG, ser Andreas tilbake på ni gode og lærerike månadar i «Fotballstøvelen».

Han fekk ikkje berre oppleva litt nordkoreansk kultur, sjå kor ivrige dei var då dei fekk prøva ein mobiltelefon med internett-tilgang, og sjå lagkameratar bli sjokkerte og triste over «nyheten» om at Michael Jackson er død - Andreas fekk òg gode og detaljerte tilbakemeldingar og referansar frå TiP.

Innan 42 eigenskapar er det skrive karakter frå 1 til 10, der Andreas får mange 7 og 8, men òg 9 og 10 (determination, stamina og commitment).

I fritekst-attesten skriv trenarteamet blant anna, om det tekniske; «he is extremely well in soccer fundamentals, passing and receiving, dribling and shooting».

– Eg føler eg har utvikla meg og er takksam for at eg fekk dette året i Italia. No er eg spent på å testa formen saman med norske lagkameratar, seier Andreas.