Tilbake for fullt 7 veker etter fødsel
Møter Stord i kveld: No håper mamma «Madde» på full pott i sesongens første heimekamp.
Os måtte klara seg utan playmaker og storskårar Madeleine Hjertnes frå januar og ut førre sesong.
– Eg spelte fram til siste seriekamp før jul, då blei eg òg skadd, fortel Madeleine, som i fjor haust blei gravid.
Tysdag 1. august i år blei ho mamma for første gong.
Før seriestart sa trenar Trond Førde Eriksen at han håpa på å få Madeleine tilbake i løpet av hausten. Blant anna fordi kusina Tonje Hjertnes Rykkel no er ute i svangerskapspermisjon.
På bortekamp med baby og barnevakt
Då turen gjekk til Austlandet for seriestart mot Nit/Hak og Rælingen 2 helga 23. og 24. september, hadde Madeleine med seg både 7,5 veker gamle Olai og barnevakt i form av besteforeldre.
– Eg trente omtrent heilt fram til fødselen, i hovudsak styrke. Fire veker etter fødsel byrja eg å trena handball igjen. Det kjentes heilt greit ut å spela kamp igjen, seier Madeleine, som skåra 7 mål (5+2) i dei to første kampane som mamma.
– Det gjekk veldig fint å reisa! No når eg er i morspermisjon, og Olai har besteforeldre som gledeleg stiller opp, så blir det god tid til både trening og desse få overnattingsturane vi har til bortekamp denne sesongen.
I fjor rykte Førde opp og Stryn ned, så dei einaste langturane blir til Austlandet denne sesongen.
Med nye lagvenninner til første heimekamp
Begge kampane på Austlandet blei tøffe, men gode av Os. Men ikkje gode nok til at det blei poeng.
Tredje serierunde går i kveld (kl 19.30), heime mot Stord.
– Vi plar slita mot Stord, men har ofte hatt taket på dei på heimebane. Eg er litt spent på kva lag dei har denne sesongen, for eg ser at dei ikkje har hatt så god start på sesongen.
Stord har tapt 4 av 4 kampar før dei kjem til Oshallen.
– Eg håper naturlegvis på siger og to poeng, men eg håper òg at vi gjer det bra og at nokre av dei nye lagvenninnene mine får vist seg fram. Dei har vore gode i treningskampane og eg gler meg til å sjå dei vidare i serien, seier Madeleine om Ayleen Hagen frå Tysnes og Nora Berge og Emma Lyssand frå Nore Neset.
Nora Berge spelte i serieopninga mot Nit/Hak, og skåra også eitt mål i debuten.