Næringsliv | 23. apr. 2016

Tilbake med maling - 20 år etter

I neste veke opnar Steinsenteret ny avdeling med idé og design. Sjef Didriksen har vore i Os før.

Tilbake med maling - 20 år etter
Trond Didriksen har vore 25 år i bransjen og var butikksjef i Os midt på 90-talet. No er han tilbake i ny avdeling med golv og maling hos Steinsenteret. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 23. apr. 2016 08:20

Bildeserie:

Maling-avdelinga er nesten ferdig. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Maling-avdelinga er nesten ferdig. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Tapet har vore på topp i fleire år no. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Tapet har vore på topp i fleire år no. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Éinstavs parkett. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Éinstavs parkett. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Lokalet er bygd om med ny inngang og integrert i Steinsenteret. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Lokalet er bygd om med ny inngang og integrert i Steinsenteret. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 4
Maling-avdelinga er nesten ferdig. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Tapet har vore på topp i fleire år no. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Éinstavs parkett. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Lokalet er bygd om med ny inngang og integrert i Steinsenteret. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

I lokalet som Gulvspesialisten, seinare Garant Home, leigde hos Steinsenteret i Kolskogen kjem det no ny drift.

Som ei eiga avdeling av Steinsenteret Os opnar Nordsjö Ide & Design med sal av maling, tapet og golv.

Til å leia avdelinga har dei fått ein erfaren maling- og golvseljar, Trond Didriksen.

– Godt å vera tilbake til «Nye Os»

– Eg forstår ikkje kva BT skriv om butikkdød i Os etter, her har det jo blomstra overalt sidan sist eg var i bygda, seier Didriksen.

Midt på 90-talet var han butikksjef hos Norrøn Maling på Amfi Os, eller Flåten Senter, som det den gong heitte.

– Det har jammen skjedd mykje sidan den gong, både med senteret og med faghandel her i Industrivegen. Med den folkeveksta og alle prosjekta som er på gang i og rundt Øyro er eg sikker på at også sentrum vil oppleva betre og betre tider i åra som kjem.

Didriksen har 25 år med erfaring frå bransjen og har blant anna jobba for Teppeland og Fargerike. Han sa nei til å overta Fargerike på Knarvik og slo til på tilbodet om å bli avdelingsleiar på Os.

Gode fasilitetar

Avdelinga, som er rundt 220 kvadratmeter stor, er nesten ferdig innreia. Opninga er ikkje før torsdag, men litt handel har det allereie vore.

– Inngangen er flytta og er utan port, avdelinga er meir integrert i Steinsenteret. Dei som har stukke hovudet innom har fått handla og vi har allereie levert til eit nyare burettslag.

– Lokalet er veldig godt eigna, med bransjar som utfyller kvarandre, gode parkeringsforhold og

Frå rull til klikk

Lokalet har to store, opne flater, det eine er fylt med maling og malarutstyr, det andre er luftig, med kompakte vareprøvar på golv, teppe og tapet.

– Her skal vi få sitjegrupper så kundane kan slappa av og ta seg tid når dei skal velja fargar og golvtypar.

– Korleis er trenden innan golv?

– Det er nokre år sidan teppe var på topp, vi nordmenn har på mange måtar valt vekk komfort. Det går litt opp og ned med teppe, kanskje litt ut frå kor kalde vinterane har vore, men vi har vareprøvar på eit godt utval.

– Noko anna som er komfortabelt er laminat, som har mange fordelar og nesten ingen ulempe. Her har det kome eit langt større utval, vinyl som fliser, vinyl som laminat og vinyl på kork. Desse er lettare å legga sjølv og det blir mindre svinn.

Innan parkett går det mest i éinstavs i utstillinga, blant anna Saga Gulv frå RBI.

Våger meir

Tapet har vore i skotet i fleire år no, spesielt det å laga ein fondvegg, ein vegg som bryt med dei andre i rommet, er populært.

– Bransjen vår får god hjelp av TV-programma om oppussing.

Den mest ekstreme TV-effekten blei merka då den muntre malarmeisteren Einar Nilsson på Tid for Hjem på TV2 viste boogie-rulla, malarrulla som gjer det enkelt i listefrie overgangar mellom vegg og tak.

– Alle selte seg tom og fabrikken klarte ikkje produsera nok. Dette var i utgangspunktet tenkt til fagfolk og var produsert opp i mindre volum. Så kom Einar og viste noko mange ikkje hadde sett før, og som er enkel for kven som helst å bruka.

Nordsjø Idé og Design opnar som avdeling av Steinsenteret, utan port mellom avdelingane, og har felles opningstid.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Hald deg oppdatert med Midtsiden

Få tilgang til alt innhald frå Midtsiden-redaksjonen. Som abonnent hjelper du oss på veg til å kunna dekka endå meir av det som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.