Kultur | 23. mai 2014

Tilbake med sommarskule

Terje Neset og Anne Leni Søfteland Sæbø er tilbake med musikalsk sommarskule etter opphald i nokre år.

Tilbake med sommarskule
Terje Neset og Anne Leni Søfteland Sæbø gler seg over igjen å tilby sommarskule i Os (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 23. mai 2014 06:09

Oseana i samarbeid med musikklærarane Terje Neset og Anne Leni Søfteland Sæbø inviterer til musikalsk sommarskule veka etter skulen slutter.

– Det heile kom i stand etter at vi satt og snakka med Ole Tobias (Lindeberg, direktør i Oseana, journ.mrk).

– Han lurte på kva vi hadde drive med tidlegare. Då han fekk høyre om sommarskulane vi hadde i Fjellheim tidlegare, så tente han og lurte på om ikkje vi kunne gjera det igjen i Oseana.

– No er vi her, klare for å fylla ei veke med musikk, sang og dans, smiler Terje og Anne Leni.

Skal syda av liv

Oseanadirektøren er over seg av entusiasme for skulen dei har kalla Friskunst Sommarskule.

– Dette fell flott inn i formidlingsprosjektet Friskunst som vi starta i fjor haust.

– At Terje og Anne Leni no vil vera med å skapa sydande liv i Oseana den første veka i sommarferien er utruleg kjekt.

– Formidling av song, dans og kunst til unge er eit satsingsområde for kulturhuset, fortel Lindeberg.

For 5. til 7. klasse

For at prosjektet skal bera seg økonomisk har arrangørane satte ei minimumsgrense på femti deltakarar, oppad er det ikkje noko tak.

– Då vi hadde det i Fjellheim var vi oppe i 90 det eine året, så vona er at vi skal klara å få med så mange som femti.

– Blir vi mange, så får vi berre få med oss ein instruktør til, smiler dei to.

– Vi har vald å gje dette tilbodet til elevane på 5. til 7. trinn på skulane i Os.

– Med unntak av Os og Kuventræ, som får skriv over helga, så har alle elevane fått med seg informasjon heim i ranselposten. I tillegg ligg det på heimesida til Oseana.

– Vi er litt strenge på aldersgrensa. Dei som går i 4. klasse no, må nesten venta til neste år. Det har med at ikkje aldersspriket skal bli for stort, fortel Terje og Anne Leni.

Endar med to framsyningar

Elevane vil få innføring både i song og dans i løpet av den fem dagar lange skulen.

– Undervisninga kjem dels til å vera felles i kor og dels i to grupper kor ei gruppe dansar og ei gruppe syng.

– I løpet av dagen skal elevane har vore innom båe gruppene, så det er ikkje slik at ein berre dansar eller berre syng.

– Vi ønskjer at dei skal få smaka på både dans og song, forklarar dei to musikklærarane.

– Det heile skal vera uhøgtidleg, men skal enda opp i ei framsyning med profesjonelt band på fredagen.

– Framsyninga blir på omlag ein time tenkjer vi.

– Vi inviterar først barnehagane til ei framsyning klokka 12, før vi køyrer den ein gong til for heile bygda klokka 14.

– Kva sjanger kan elevane og publikum venta seg då?

– Det blir nok mest popmusikk, som dei kjenner og liker frå før.

– Du veit det er utruleg mykje musikkspel både på TV og scene, så å velgja eit reportoar blir nok ikkje så vanskeleg, avsluttar Terje Neset og Anne Leni Søfteland Sæbø.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.