Kultur | 03. mai 2018

Tilbake på Os - med nytt namn

Sist dei spela på Os, gjekk baren tom for drikkevarer. - Vi satsar på at Hannes musikkbar har kontroll på baren, medan vi sørgjer for musikken, seier gitarist Asle Bentzen.

Tilbake på Os - med nytt namn
Vokalist Jan Inge Ebbesvik og gitarist Roy Hilmar Svendsen på Garage. (Foto: Stig Pallesen)
Andris Hamretorsdag 03. mai 2018 13:01

Bildeserie:

Asle Bentzen på Garage. T.v. bassist Anders Dale. (Foto: Stig Pallesen)
Asle Bentzen på Garage. T.v. bassist Anders Dale. (Foto: Stig Pallesen)
1 av 1
Asle Bentzen på Garage. T.v. bassist Anders Dale. (Foto: Stig Pallesen)

Under namnet RHORM har dei hatt fleire konsertar i Os, som er heimkommunen til gitarist Asle Bentzen. No heiter dei Slush, og ingrediensene på repertoaret er den samme: svingande, melodiøs festrock.

Laurdag 5. mai er dei klar for Hannes konditori og musikkbar.

- Hannes er jo blitt den nye rockescena i Os! Vi gler oss til å spela der. Dessutan er vokalisten vår ein hund etter snitter og fyrstekake, så der kan vi fort føle oss heime, sier Bentzen i ei pressemelding.

Gjekk tom i baren

Sist dei spela i Os var i 2015. Då opplevde dei og gruppas mange trufast fans noko dei ikkje hadde vore borti før.

- Ut på kvelden då det verkeleg byrja å bli god stemning, vart det plutselig tynt med folk i lokalet. Etterpå fann vi ut at dei var gått tom for drikkevarer i baren, seier Bentzen.

- Slike krefter er det ikkje lett å kjempe imot, men vi litar på at Hannes har baren på plass. For vår del lovar vi at vi svinger like godt som alltid, og vi håpar dei samme folkene tar med seg alle venene sine og kjem og høyrer på oss på laurdag, seier gitaristen.

Beundrar musikklivet i Os

Den andre gitaristen i Slush, Roy Hilmar Svendsen, seier bandet har stor respekt og beundring for musikklivet i Os, og at dei er glade for sjølv å ha ein fot i det.

- Eg blir stadig imponert over kva både artistar og arrangørar her får til. Osfest har tatt grep og leverer fantastisk kvart år. Abbath og Aurora er verdsstjerner, og eit talent som Hans-Marius Johnsen er på god vei. Eg var med han i Royal Albert Hall i fjor. Neste gong vi er der, står han på scena. Det er eg heilt sikker på, seier Svendsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.