Tilbake på vinnarsporet
Solid målvakt og godt forsvar gav storsiger mot studentane.
Laurdag tok Os i mot BSI til oppgjer heime i Oshallen.
– Eg reknar med at det blir ein tett og jamn kamp. Det blir det alltid mot BSI, sa trenar Kenneth Husebø før start.
Han fekk rett i første del av kampen. Gjestane kom best i gang og leia 4-6 og 6-9 før Os sakte og sikkert utligna til 14-14 med fire minutt igjen å spele av den første omgangen.
Os - BSI 32-24 (15-14)
Utv: Os 1x2 min, BSI 2x2 min
Os sitt lag: Einar Godø, Trygve Lerch Dahl 2, Arne Veim Haugland 10, Jørgen Wold 2, Nils A. Hamre 7, Mats Brunvatne 2, Ove Lyssand 2, Isak Røen 7, Kristian Bruarøy, Stian Lepsøe
Betre spelar for spelar
Dei siste ti minutta av første omgang og dei første tjue i den andre var noko av det beste Osherrene har vist i år. Då festar dei òg grepet om kampen og går opp i sju måls leiing.
– Den perioden er eg særs nøgd med. Vi får eit lite fall i prestasjonen på slutten av kampen, men det er gjerne slik det blir når vi har såpass god kontroll. Vi får tatt vekk den mest markante spelaren deira og satt forsvaret, noko som gjer at vi kjem såpass mye foran.
– BSI er eit betre lag enn det tabellsituasjonen tilseier, men vi skal vera betre enn dei speler for speler og det viser vi i dag.
– Er det nokon du vil trekke fram?
– Det var positivt å sjå Einar Godø i godt slag i mål igjen etter eit par tunge kamper. Framover på banen skårer jo Arne og Isak mykje mål, men då skal ein ikkje gløyme at det ligg mykje hardt arbeid bak frå dei andre for at dei skal koma til sjansene.