Sport | 03. des. 2009

Tilbake til Leeds

Os sin mest høgrøsta supportar fekk ikkje med seg opprykkskampen mot Austevoll. Til helga får han trøst.

Tilbake til Leeds
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 03. des. 2009 10:43

Bildeserie:

1 av 4

- Eg var og såg bortekampen mot Austevoll, men låg full i feber i den avgjerande heimekampen. Det var forferdeleg, seier Brynjar Øvstedal.

Den tidlegare Os-målvakta er den mest ruvande supportaren på Kuventræ. Høg, og med kraftig stemme, ofte forsterka av at han roper gjennom ei kjegle, får både spelarar og dommarar klare meldingar.

- Men no får eg endeleg litt trøst, seier han.

Hjartet til Brynjar bankar nemleg også for «The Whites».

- Eg har vore Leeds-supportar sidan eg fekk ein Leeds-bag av onkelen min i 1969, men første tur eg hadde til Elland Road var først i 2007, seier han.

Lokaloppgjer
Fredag morgon går turen via Amsterdam til Leeds. Hovudmålet med kampen er lokaloppgjeret mellom Leeds United og Huddersfield Town laurdag 5. desember.

- Det er utselt på tribunen, med 38.000 og derby blir det kanonstemning. Leeds leiar tabellen etter 14 sigrar og 3 uavgjorte på 18 kampar, det går mot opprykk i år, trur Øvstedal.

Leeds var store under Don Revie på 60- og 70-talet. Dei vann sitt siste trofé i 92 . I 2004 rykte dei ned til Championship, i 2007 til League One, tredje høgaste nivå. I mai missa dei i kampen om opprykk til nest høgaste nivå. Les meir om Leeds United på Wikipedia.

Tett program
Første Leeds-tur var med broren Dag og kameratane Rune Ludvigsen og Harald Askvik. Harald og Dag er med til helga også, men Rune, som måtte stå over, er erstatta av Jan Monsen.

- Det er fleire hundre nordmenn som skal bortover. Fredag blir det omvising på Elland Road og quiz på Marriott Hotel. Laurdag går kampen, 13.15 engelsk tid, litt tidleg så ikkje folk blir for fulle før lokaloppgjeret.

Reisefølgjet frå Os har også sikra seg billettar til Premier League-kampen Everton-Tottenham sundag.

Skal sjå Hartlepool hos Tim
Før Os sin heimekamp mot Austevoll sa Brynjar til Os-spelar Tim Henrik Sperrevik at han skulle få éin kasse øl per skåring. Tim skåra som kjent etter knappe fire minutt.

- Han skal få ølkassen, men eg skal drikka den med han. På Boxing Day (2. juledag) spelar Hartepool, som Tim spelte for tidlegare, mot Leeds på Elland Road. Den kampen skal eg og Tim sjå i lag, seier Brynjar dagen før avreise til sin andre heimby.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.