Kultur | 27. apr. 2012

Tilbake til tre scenar

Hovudscene ved Peppes, storsal i Oseana og jazzscene i Oselvarnaustet. Fredag sleppte OJB programmet for festivalen.

Tilbake til tre scenar
Omtrent her blir hovudscena fortel festivalsjef Tore Lekve i Osøren Jazz og Bluesfestival (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 27. apr. 2012 22:54

Etter fjoråret, kor heile festivalen blei lagt til Oseana, har festivalleiinga høyrd på publikum og gått tilbake til tre scenar, med to nærare sentrum.

- Hovudscena blir igjen utanfor Peppes, men vi samarbeida godt med Oseana og legg eit stort arrangement dit kvar kveld, fortel festivalsjef Tore Lekve.

I tillegg har festivalen igjen tatt Oselvarnaustet i bruk.

- Det blir ei rein jazzscene med Osøren Jazzensemble m/Tone Linn Mjånes og Tone Lise Moberg på laurdagen.

Tingingsverk med Magne

Ei anna endring til årets festival er at dei har gått til Magne Lunde og bedt han om å laga eit eige verk til festivalen.

- Magne takka ja då eg spurte i januar. Urframføringa av bestillingsverket kjem Magne til å gjera på fredagskvelden ved Peppes.

- Det blir vår måte å feira at Magne fekk Kongen sin fortenstemedalje i sølv tidlegare i vår, smiler festivalsjefen.

Storsukess i storsal

EI av dei største overraskingane under fjorårets festival var Washamba som leverte ein eventyrleg konsert i foajeen i Oseana.

- Den scena blei rett og slett for liten. Washamba tok publikum med storm.

- Difor har vi i år lyst til å la dei få sleppe til i storsalen på Oseana. Eg trur den kjem til å kle det bandet. Så gjenstår det berre å sjå om publikum vil vera med å bidra like mykje i år som dei gjorde i fjor.

Topp norske, lokale og internasjonale namn

Festivalleiinga har tona ned litt programmet frå i fjor, men samstundes ikkje lagt lista lågere enn tidlegare.

- Eg er svært nøgd med det programmet vi presenterar.

- Vi har fått ei fin miks av lokale, nasjonale og internasjonale namn, seier Lekve som nemnar Orbo & The Longshots, MMY (med Magne Lunde), Blue Note Shuffle, Eric "Slim" Zahl & TSWS, Jan Tore Lauritsen & The Buckshoot Hunters, Vetrhus, J.W. Jones og Teresa James & The Rhythm Tramps.

Begrensa antal festivalpass

Sjølv om det ordinære billettsalet til einskilde arrangement ikkje startar før 15. mai for det ordinære publikummet (medlemmar får kjøpe frå den 14.) kan du allereie no sikre deg adgang til festivalen.

- Vi legg ut omlag 100 dagspass til fredagen og 100 til laurdagen. Med dei kan du gå mellom dei forskjellege scenene akkurat som du vil.

- Desse sel vi her på Peppes i kveld, men du kan og tinga dei hos Hans Bjørn Bakketeig fram til den 14. mai, eller til det er utseld, forklarar Lekve.

Om du vil tinga dagspass eller sjå heile programmet kan du gå på heimesida til Osøren Jazz & Blues Festival.

P.S. Programsleppet kom i samband med Vårbluesen på Peppes fredag med Frigaard. Midtsiden kjem tilbake med meir om konserten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.