Kultur | 24. sep. 2015

Tilbake til utgangspunktet

Dei er mest kjend for store oppsetningar som Havfest, men no går Opera Omnia tilbake til der det starta – smått og minimalistisk.

Tilbake til utgangspunktet
Glenn Erik Haugland og Heidi Tronsmo let maskane falle og eksprementerer seg tilbake til der det heile starta i den nyskrivne framsyninga SUB (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 24. sep. 2015 09:29

Glenn Erik Haugland og Heidi Tronsmo er kunstnarekteparet som står bak produksjonsselskapet Opera Omnia, kjend for fleire store verker, mellomanna Havfest som var opningsframsyninga då Oseana kunst- og kultursenter opna i 2011, men det var i den andre enden av skalaen det heile starta.

– Vi starta som preformance-artistar tilbake i 1983. I nokre år no har vi leika med tanken å gjera noko aleine igjen, i staden for store prosjekt som Havfest eller opera. På mange måtar hadde vi lyst til å komma litt tilbake til utgangspunktet, fortel Glenn Erik Haugland.

– Det har sine begrensingar når det er berre Glenn og meg. Vi skal ikkje ha med oss nokon, ikkje på lyd og lys heller. Alt skal vi gjera sjølv og minimalistisk. Ikkje det at vi er så veldig gode på å vera minimalistiske, supplerar Heidi Tronsmo og ler hjarteleg.

Har vore på ei lang reise

Prosjektet, som har premiere i Studio E39 på Haugland 1. oktober, har dei kalla SUB - undersjøiske undringar frå Bjørnafjorden.

– For oss båe var det viktig å finna tilbake til kvifor vi starta i denne bransjen. Vi har vore på ei lang ferd, som har brakt oss til mange spennande plasser, både reint fysisk og kunstnerisk, men vi hadde lyst til å sjå om vi klarte å finna tilbake til det som gav oss driven og som gjorde at vi turde å satsa på musikk og song for snart 25 år sidan.

– Samstundes handlar det om å utfordra seg sjølv. Vi har tatt alt av bileter og video som vi nytter i den timeslange framsyinga sjølv. Berre det har vore ei utfordring for vi ønskjer jo at det skal bli akkurat som vi tenkjer, at vi skal få nettopp det utsnittet vi ønskjer. Det er ikkje berre enkelt, ler Heidi.

– I tillegg er det jo berre vi to som skal stå på scenen. For meg er det ei spesielt stor utfordring. Du veit eg har ikkje mykje scenerfaring. Det har vel i det lengste strekt seg til å vera dirigent, supplerar Glenn Erik.

Vil pirra underbevisstheiten

Det heile starta då paret kjøpte seg eit vanntett GoPro-kamera.

– Vi fann ei heilt ny verd under havoverflata i Bjørnafjorden og hadde lyst til å visa kor vakkert det er i fjorden.

– Men, med det engasjementet, spesielt du Glenn Erik har vist i bru-saka. Er framsyninga eit statement i den samanhengen?

– Nei, eigentleg ikkje. Dette handlar meir om undring omkring det som er rundt oss. Kva og korleis forstår vi og tolkar vi det vi ser og hører. Dette handlar ikkje om politikk, men om vera musikalsk og å skapa refleksjonar.

– Syria-konflikten ligg nok meir som eit bakteppe, enn det brusaka gjer, supplerar Heidi.

– Vi håper at framsyninga kan få folk til å undra seg litt over det ein opplever rundt seg, og at ein klarer å ta seg pauser innimellom for å reflektera. Det heile er litt filosofisk. Kan vi tru på det vi ser eller fargast vi av allereie inngrodde haldningar.

Spiren til noko større

På spørsmål om kva publikum kan venta seg på premieren og dei to påfølgjande framsyningane kjem det fram at det nok kan bli overraskingar.

– Det er jo samtidsmusikk fordi alt er skriven nytt og no, men det er ikkje berre den type musikk eg kanskje er mest kjent for. Det blir ein miks av fleire typer musikk frå det eksperimentelle til det meir melodiøse og opp mot det ein kjenner at i hit-låtar. Denne gangen har vi gjort akkurat som vi har lyste, så får vi håpe at folk er nysgjerrige nok til å sjå kva det er.

– De har helde på i snart 25 år med Opera Omnia. Er dette starten på eit jubileum?

– Ja, vi håpar jo det. No speler vi tre framsyninger her på Haugland, så håper vi å kunne spele den rundt omkring i Noreg. Kanskje er dette spiren til ei jubileumsforestilling som vi set opp på ei større scene. Vi har nokre idear og tankar, avsluttar dei to løyndomsfullt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.