Næringsliv | 23. jan. 2018

Tilbords på Os legg ned etter oppkjøp

Før jul blei Tilbords-kjeda kjøpt opp av Kitch'n. Nokre av Tilbords-butikkane blir no lagt ned.

Tilbords på Os legg ned etter oppkjøp
Tilbords på AMFI Os skal leggast ned. (Arkivbilde frå bryllaupsmesse ved butikken i 2017, foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 23. jan. 2018 10:53

I slutten av november 2017 blei det kjent at Tilbords-kjeda er kjøpt opp av eigarane av konkurrenten Kitch’n.

– Tilbords, som ble kjøpt av Herkules Capital i 2009, bytter hender og ender opp hos Kitch´n - som eies av Plantasjen-gründer Thore Torstensen og Europris-gründer Wiggo Erichsen, skreiv ehandel.com før jul.

Dei to kjedane, som frå før hadde 120 og 130 butikkar i Noreg, skulle drivast vidare kvar for seg. No viser det seg at det blir nokre nedleggingar, og butikken på AMFI Os er ein av dei. AMFI Os har òg ein Kitch'n-butikk.

Fekk kort periode som ny sjef

Tilbords på AMFI Os, som i mai 2017 gjekk konkurs, opna igjen i juni med tidlegare tilsett Thrude Scheie Mellingen som ny sjef.

I går la ho ut denne meldinga på Facebook-sida til butikken:

«Som dere kanskje vet, så har eierne av Kitch`n kjøpt opp Tilbords-kjeden. Dette medfører dessverre for oss at vi må legge ned vår butikk. Vi er utrolig takknemlige for alle dere fantastiske kunder som valgt å handle hos oss. Dere har gitt oss mye glede, latter, gode samtaler, inspirasjon og bitte litt frustrasjon.»

No har ho starta sluttsalet.

Får tre ledige lokale

Senterleiar Silje Lygre seier ho synest det er trist at butikken blir lagt ned, og at ho kjem til å sakna både folka og vareutvalet.

Tidlegare i januar blei det klart at også to andre butikkar, Zeller og Foss Ur og Smykker, er i ferd med å bli lagt ned.

AMFI Os skal ha fleire interessenter, og eigedomsavdelinga jobbar med å få nye leigeavtalar til lokala som snart blir ledige.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.