Korona | 09. mai 2022

Tilbyr fjerde og femte vaksinedose

Gjeld alle over 80 år og dei alvorleg immunsupprimerte.

FHI kan ikkje garantera at det, trass fjerde dose no, ikkje kan bli behov for fleire til hausten. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 09. mai 2022 12:05

Alle personar over 80 år kan no få 4. vaksinedose, dersom dei sjølve ønskjer det og ikkje har hatt korona etter 3. dose, opplyser Bjørnafjorden kommune

Det må gå minimum 4 månader mellom 3. og 4. dose. Fjerde vaksinedose kan du ta på apotek eller legekontor.

Kommunen viser til at Folkehelseinstituttet (FHI) trur at effekten av ein oppfriskingsdose no vil vera mindre i Noreg enn i andre land med meir smitte, men vil likevel tilby ein slik dose til dei over 80 år.

  • Ifølgje VG sin oversikt er det 29 nye smittetilfelle i Bjørnafjorden kommune dei siste 14 dagane.

FHI understrekar at ein vaksinedose no ikkje nødvendigvis utelukkar behov for yttarlegare oppfriskingsdose til hausten, når dei ventar at smitten vil auka hos oss.

Femte dose til alvorleg immunsupprimerte

Fjerde dose har så langt berre vore eit tilbod til personar med immunsupprimert tilstand. FHI opnar no for at alvorleg immunsupprimerte pasientar som har fått 4. dose, skal få ein 5. dose.

Pasienten kan ta vaksinen hos fastlegen sin eller ved Moberg legesenter og Eikelandsosen legekontor, då med dokumentasjon på vaksinasjonsbehovet frå fastlegen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.