Tilbyr gratis taxi for pensjonistar

Tre dagar i veka kan innyggarar over 65 år bli henta og køyrd heim igjen.

Er du 65+ kan du snart ta drosje gratis heimefrå til Os Eldresenter, og enkelte andre ærend. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 30. mai 2021 12:28

Os Pensjonistforening har søkt om, og fått tildelt heile 320.000 kroner frå Statsforvaltaren i Vestland til aktivitetstiltak for å motverke einsemd blant eldre.

– I søknaden vår har vi sett av 200.000 kroner til opprusting av Eldresenteret, og til innkjøp av ymse utstyr til ulike aktivitetar, seier leiar for pensjonistforeininga, Bjørn Sivertsen.

Les ògTrefte blink med søknad - lager «guterom» på eldresenteret

– I tillegg har vi øyremerkt 120.000 kroner til ei hent-meg-ordning, slik at alle som vil kan få gratis skyss til Eldresenteret og til Os sentrum.

Os Pensjonistforening har inngått avtale med Os Taxi, og kan no kunngjera eit heilt nytt tilbod.

– Med støtta frå Vestland fylke kan vi no tilby gratis drosje for alle pensjonistar i Os, seier Sivertsen nøgd.

Ordninga gjeld alle som er 65 år og eldre, måndagar, onsdagar og fredagar.

– I juli er det berre onsdagane, elles er det desse tre dagane i veka.

Vil vera fleksible

Du kan no bli henta heime i 10-tida og køyrd til Os Eldresenteret i Hamnevegen.

– I utgangspunktet gjeld transporten mellom heimen din og Eldresenteret, men vi vil vera fleksible, slik at du også kan nytta transporten til andre føremål som frisør, lege, butikk eller andre oppgåver i og rundt sentrum, om du ynskjer det.

Returen heimatt startar på Os Eldresenter mellom 12.30 og 13.00.

– Men du kan sjølv avtala annan hentestad med sjåføren innanfor dette tidsrommet.

Os Taxi ser helst at du bestiller dagen før, mellom klokka 17 og 20.

– Bestilling kjem til eige nummer. Dette nummeret blir kunngjort om kort tid.

Med ambisjon om utvida ordning

Os Pensjonistforening er i dialog med Bjørnafjorden kommune med tanke på samarbeide om utvidinga av ordninga til å gjelda heile kommunen, på begge sider av fjorden, og med tanke på eventuelt å gjera ordninga meir universell.

– Vi er også opne for dialog med andre aktørar som kan tenke seg å bidra til framtidig finansiering av ordninga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.