Kultur | 25. apr. 2012

Tilbyr prøvedykk

Os Dykkerklubb, som fyller 35 år i 2012 stiller ut med eigen tank på vårsleppet.

Tilbyr prøvedykk
Formann i Os Dykkerklubb Bjørn Tore Bøhmer. (Foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. apr. 2012 12:52

– Vi vil informera om klubben og kanskje klarer vi å lokka fleire med oss ned i den spennande verda som er under vasskorpa, seier leiar i Os Dykkerklubb, Bjørn Tore Bøhmer.

Dykkarklubben stiller ut saman med Nemo, som driv kurssenter og dykkarbutikk på Laksevågneset, under årets vårslepp i Os.

– Nemo tar med seg litt utstyr for sal, i tillegg tar dei imot bestillinger på kurs, fortel Bøhmer.

Vil du pusta under vatn?

Har du nokosinne lagt med dykkarmaske og snorkel og sett ned på livet i sjøen? Kanskje til og med dukka ned for å sjå nærmare på noko, men få sekund seinare skunda deg til overflata igjen, for å pusta? Kva om du kunne blitt verande ei stund under vatn?

– Det er stort å oppleva det å symja rundt nær botnen utan å måtte gå opp etter luft.

– På Vårsleppet tar vi med tank som folk kan prøva seg i. Kanskje kan vi også ta testdykk med instruktør ute i Hamna.

Har alltid nokon å dykka med

Os Dykkarklubb har rett over 30 medlemmar. Meir enn halvparten av desse er aktive med minst 3-4 dykk i månaden.

– I tillegg til potensielle komande dykkarar trur eg det er mange tidlegare dykkarar i Os. Det hadde vore kjekt om vi klarte å få nokre av desse til å finna fram flaskesettet igjen.

Enkelte legg symjeføtene på hylla fordi dei ikkje har nokon å dykka med.

– Det er unødvendig. I tillegg til faste dykk onsdagar og dei fleste laurdagane året gjennom har klubben ei varslingstenste der vi sender melding til alle medlemmane om det er nokon som søkjer ein å dykka med akkurat den dagen.

Heldig klubb

Bøhmer sjølv visst ikkje at Os hadde eigen dykkarklubb før han for tre år sidan tok dykkarsertifikat.

– Klubben har mykje å by på, både av fine dykkarterreng og av utstyr. Vi har eigen kompressor til luftfylling, den står i Oselvarverkstaden i Os sentrum. Klubben har også eigen båt som tar 10 dykkarar med utstyr. Den ligg i brygga til Oselvarverkstaden.

Os Dykkerklubb blei etablert i 1977.

7 kilo eksklusiv filet

Dykkarformannen byrja som fridykkar, men fann etter ei stund ut av at han ville ha lengre tid på botnen.

– Eg blei raskt veldig fascinert av livet under havskorpa. Eg liker undervannsjakt godt og har hatt fleire fine fangstar, som då eg tok ein breiflabb på 21 kilo.

Fangsten blei det 7 kilo filet av, fiskemiddag verdt rundt 2000 kroner.

– Men det er også mykje anna spennande i havet, anten du vil fanga fersk sjømat eller berre sjå på livet. Eit kurs på ei cirka veke er alt som skal til, seier Bjørn Tore Bøhmer frå Os Dykkerklubb.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.