Geir Bjørkeli overtok som direktør for det canadiske selskapet i starten på 2018. Så flytta han hovudkontoret til Noreg og opna fabrikk på Midtun. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Tildelt pris på Solstrand

Geir Bjørkeli og Corvus Energy er kåra til «Årets klyngebedrift».

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Canadiske Corvus Energy, som blir leia av osingen Geir Bjørkeli, opna ny fabrikk på Midtun i september i år.

Under årskonferansen til NCE Maritime CleanTech på Solstrand torsdag blei batteriprodusenten av NCE Maritime CleanTech og Sparebanken Vest utnemt som vinnar av prisen «årets klyngepartner».

Corvus Energy mottar prisen for sitt bidrag med å styrka den maritime klynga, og for måten Corvus gjennom utviklinga av ny teknologi bidrar til det grøne skiftet.

– Vi er stolte over denne prisen. Det er stor stas å bli anerkjent for det arbeidet vi gjer både her lokalt og internasjonalt. Vi er òg heldige som har eit så fantastisk utgangspunkt for å skapa ny, bærekraftig teknologi takka vera norske styresmakter og tette samarbeid mellom ulike reieri, leverandørar, verft, integratorar og ulike organisasjonar, seier administrerande direktør i Corvus Energy, Geir Bjørkeli.

Stimulerer til grøn innovasjon

Prisen blei delt ut for første gong og skal gå til ei klyngebedrift som utmerker seg innan grøn teknologi og som aktivt deltar i samarbeid med andre i same bransje.

Målet er å stimulera til grøn innovasjon gjennom samarbeid samt å fremheve klyngepartnerene som er gode ambassadører for klyngesamarbeidet.

– NCE Maritime CleanTech har gjennom sitt arbeid skapt ein solid arena for samarbeid på tvers av heile den maritime klynga. Det dei har fått til er ganske unikt, og dei har mykje av æra for den framgangen Corvus har hatt dei siste åra, seier Geir Bjørkeli.

Vinnar mottok eit diplom og 100.000 kroner.

Dagleg leiar NCE Maritime CleanTech, Hege Økland, seier at som følgje av ambisiøse internasjonale klimamål vil etterspurnaden etter grøn teknologi auka kraftig i åra som kjem. 

– Arbeidet som blitt gjort i klynga er derfor svært viktig for den framtidige verdiskapingen til norsk industri.

Juryen gav blant anna desse årsakene for at Corvus vann prisen:

«Med sin innovasjonsevne, sine fremtidsrettede produkt og gode samarbeidskultur, er Corvus ein viktig bidragsyter til å få fart på den grønne omstillingen i skipsfarten. Corvus har etablert moderne robotisert produksjon av maritime batterier midt i klyngen sitt geografiske tyngdepunkt, der produksjonen skal forsyne det europeiske markedet med batterier. Selskapet har sterke vekstambisjoner, og har en offensiv internasjonal satsing.»

Om selskapet: Corvus Energy med hovedkontor i Bergen er ledende leverandør avenergilagringsløsninger (ESS) for maritim, offshore, subsea and havneapplikasjoner. Corvus Energy tilbyr en full rekke av produkter tilpasset nesten enhver fartøystype. Corvus Energy har den største installerte basen av energilagringsløninger på skip. 

Fleire saker