Lokal | 09. sep. 2013

Tildelt Sultprisen 2013

Forfattar Eirik Ingebrigtsen (38) frå Os blei fredag tildelt den prestisjetunge prisen på 200.000 kroner. – Dette er den første prisen eg får, men eg treng ikkje andre prisar enn denne, ler Eirik.

Tildelt Sultprisen 2013
Eirik Ingebrigtsen. (Foto: Norsk Forfattersentrum)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 09. sep. 2013 11:29

Eirik Ingebrigtsen roman-debuterte med Vesen i 2001 og har seinare gjeve ut fire bøker, også dei på Oktober forlag, nyaste bok er Heimfall – Ei juleforteljing, i oktober i fjor.

Men det er for forfattarskapet han han no er tildelt Sulprisen, ikkje for ei bestemt bok.

– Denne prisen heng veldig høgt for meg. At den i tillegg kjem med ein så stor pengesum gjer det naturlegvis ekstra stas, seier Ingebrigtsen til Midtsiden.

Det er Gyldendals Legat som deler ut den årlege prisen, som første gong blei delt ut i 1998. Prisen er på 200.000 kroner og går til "et yngre, eminent forfatterskap".

– Det blei ein høgtidleg seremoni med pressekonferanse, champagne og lunsj på forlagshuset til Gyldendal fredag, fortel forfattaren.

Eirik, som har skrive alle bøkene sine på nynorsk, har aldri mottatt noko pris før.

– Nei, dette er min første. Men den er så gjev at eg treng ikkje andre prisar enn denne, ler Eirik.

Planlagt permisjon

Eirik bur i Oslo med kone og to døtre i barneskulealder. Dei siste 6-7 åra har han jobba som prosjektleiar i Norsk Forfattersentrum, ein medlemsorganisasjon som blant anna er mellomledd når skular leiger inn forfattarar til besøk.

– Eg har planlagt permisjon frå januar og fram til sommaren for å jobba med neste bok. Permisjonen var bestemt før eg visste at eg fekk denne prisen, derfor blei den naturlegvis ekstra godt mottatt.

– Eg har aldri hatt slike permisjonar eller skrivepausar før, ikkje på meir enn nokre veker eller ein månad. Den siste tida har eg berre jobba med skisser, så det skal bli godt å få skikkeleg ro til å skriva.

Sitat frå pristalen

Leiar av Gyldendal sitt legatstyre og litteraturkritikar i Klassekampen, Tom Egil Hverven, heldt tale til Ingebrigtsen under pristildelinga fredag.

(Legatstyret består, i tillegg til leiar, av professor Tone Selboe, UiO, førsteamanuensis Tonje Vold, HiOA litteraturkritiker Kåre Bulie, Dagens Næringsliv og konsernsjef i Gyldendal, Geir Mork.)

I talen sa Hverven blant anna dette:

"Mange forfattere skriver om mennesker i sårbare situasjoner. Men ikke alle mestrer å skildre sårbarhet innenfra. Vinneren av Sultprisen 2013 skildrer på en fremragende måte menneskers avhengighet av hverandre, på tvers av generasjonene."

Du kan lesa meir om pristildelinga, og finna lenkje til heile talen, på Gyldendal.no.

Henta frå eige hovud

Som eksempel på Ingrebrigsten sine gode evner til å skildra kjem Hverven i sin tale med fleire eksempel, blant anna dette:

"Også i Vendrakovic fins merkelige rykk i skildringen. Elena får en petanque-kule i hodet. Det høres vondt ut. Og det er det sikkert. Men fortelleren konsentrerer seg om hvordan hun reagerer på ulykken, innenfra, i en mesterlig skildring av forvirringen som oppstår."

I den nyaste boka, Heimfall – Ei juleforteljing, fortel Ingebrigtsen om ei trist jul hos ein far som får omsorg for si vaksne, sjuke dotter i jula. For å avlasta sjukeheimen.

– Eg snudde det litt på hovudet, med ein far som har omsorg for ei sjuk dotter, ikkje motsett. I tillegg tar eg opp dette med å avvisa sitt eige avkom, for faren er slett ikkje ineteressert i å ta seg av dottera, fortel Eirik.

"Det er nok språket og bruken av det som utgjør selve løftet i denne romanen" skriv NRK om romanen.

– Eg har ikkje nokon stad å henta dette frå, eg er ikkje av typen forfattar som oppsøker kjelder på sjukeheimar eller heime, eg er avhengig av å skriva meg inn i kjenslene og rollene i bøkene mine, seier den nøgde prisvinnaren som snart får godt med tid til å skriva seg inn i nye kjensler.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.