Lokal | 08. jan. 2020

To tilfelle av vald på ein tysdag

Slåstkamp i Brugata og vektar utsett for vald på buss.

To tilfelle av vald på ein tysdag
Ein passasjer skal ha gått laus på ein vektar tysdag kveld. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 08. jan. 2020 08:52

Tysdag i 15.30-tida fekk politiet melding om handgemeng utanfor ein restaurant i Brugata.

– Dette var mellom to menn i 20-30-åra. Då vi kom til staden var det overstått. Ingen var skadd, og ingen ville melda episoden, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Vektar blei slått og skubba

Tysdag klokka 20.17 blei politiet oppring av ein vektar som hadde kontrollert billettar hos busspassasjerar.

Vektaren var i Os sentrum, og fortalde at ein passasjer både hadde slått og skubba før han sprang frå staden.

– Vi kjenner identiteten til vedkomande, via telefonnummeret som var registrert på billetten, og han vil bli meldt i dag, fortel Lyssand.

Langtidsparkering i Strøno

Tysdag morgon fekk politiet melding om ein bil som sto parkert ved barneskulen, som skal ha stått der i lengre tid.

Politiet har fått melding om bilen tidlegare òg. Då dei i går fekk kontakt med eigar, viste det seg å ikkje vera noko mystikk, men motorproblem som var årsaka til langtidsparkeringa.

Eigar lovde å flytta bilen i løpet av gårsdagen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.