Korona | 31. jan. 2022

– Tilgang til personell er utfordrande

Omikron-bølga rammar fleire tenester.

– Tilgang til personell er utfordrande
Bjørnafjorden rådhus. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 31. jan. 2022 13:11

I rapporten for veke 4 fortel Bjørnafjorden kommune om over 500 nye smittetilfelle førre veke, men ingen alvorleg sjuke eller innlagte på sjukehus.

Samtidig fortel dei at tilgangen til personell og kritisk kompetanse samla sett er utfordrande.

  • Det er framleis stort sjukefråvær og press på tenestene.
  • Frivillige frå sanitetsforeiningar hjelper til på sjukeheimane ved behov.
  • Det er fastlegemangel - og det får konsekvensar for andre tenester, som legevakta.
  • I pleie- og omsorgstenestene er dagsentertilbodet framleis redusert for å sikra nok folk til sjukeheimane og heimesjukepleia i den stigande omikronbølgja.

Kommuneleiinga opplever det som utfordrande å ta imot alle utskrivingsklare pasientar frå sjukehus, men presset frå sjukehusa er ikkje like stort som det har vore siste tida.

– Vi jobbar kontinuerleg og på tvers av avdelingar og einingar i helse og velferd for å betra pasientflyten og for å kunna ta våre brukarar heim,skriv dei i rapporten.

Samtidig fortel dei at omikronbølgja førebels ikkje har ført til kritiske situasjonar i tenestene.

Bjørnafjorden kommune følgjer framleis dei nasjonale tiltaka, tiltak som er venta å bli redusert i omfang under regjeringa si pressekonferanse i morgon kveld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.