Sport | 26. okt. 2010

Tim blir trenar

Tim Henrik Sperrevik har runda av ei lang karriere som spelar. No blir han trenar for gutelaget til Os.

Tim blir trenar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 26. okt. 2010 08:49

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 7
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Laurdag spelte Tim Henrik Sperrevik sin siste kamp for Os då han kom innpå i 2. omgang mot Nest-Sotra. Før kampen blei han overrekt ein bukett av fotballformann Terje Hjertnes som takk for lang og innhaldsrik teneste.

34-åringen blei med skåringsteft, god fysikk og høgt temperament tatt opp i A-stallen til Os i ung alder. Sidan har det blitt spel for både Fana, Hartlepool og Bregenz.

I Os har han vore toppskårar i tre av dei siste fem åra, i fjorårets opprykksesong blei det 20 mål, i år 3, alle på bortebane.

Blir gutetrenar
No er det slutt, men Tim kjem framleis til å bruka mykje av tida si på Kuventræ.

- Eg overtar etter Per Olav Sørås som trenar for gutelaget til Os, fortel Tim Henrik.

Starta med sonen sitt lag
Det var som assistent-trenar for sonen Henrik (8) sitt minilag at Sperrevik meldte seg på trenarkurs.

- Det gav meirsmak, så vinteren etter tok eg Trenar 2-utdanninga, fortel Tim.

Skal styra 50 spelarar
Smågutelaga som blir gutelag neste år har rundt 30 spelarar, i tillegg er det 18 frå 95-kullet som framleis er gutespelarar i 2011.

- Det blir ei stor gruppe, men eg får med meg fleire i trenarteamet. Kven det blir er ikkje heilt avgjort enno, men vi skal nok få det kjekt i lag med desse snart vaksne spelarane til Os, trur Tim.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.