Sport | 07. nov. 2011

Tim overtar A-laget

– Han er flink til å få fram det beste i folk, både i trening og på kamp, seier Tore Valvik om den nye trenaren til Os.

Tim overtar A-laget
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 07. nov. 2011 10:47

Tim Henrik Sperrevik overtar etter Øyvind Steffensen som hovudtrenar for Os.

– Vi har ikkje signert kontrakt, men eg kan stadfesta at vi er samde med Sperrevik. Vi vil førbels ikkje seia noko meir om 2012 og vidare satsing, seier sportsleg leiar i Os Turn fotball, Roald Stigen i ein knapp kommentar.

Hadde toårskontrakt

Steffensen, som overtok A-laget etter Frank Hellevik i fjor, takkar av halvvegs i kontraktsperioden.

– Vi har hatt ein tung sesong etter det doble nedrykket og ein tynn stall til å driva junior- andrelag og A-lag med. Etter to år som juniortrenar og dette året med A-laget følte eg at eg kanskje ikkje var rett mann til å trena laget vidare. Derfor sa eg at Os Turn, om dei fann ein erstattar, kunne løysa meg frå kontrakten.

– Men eg har også hatt det veldig kjekt med gutane. Å sjå eit reint Os-lag vinna 6-0 over Øystese, og sjå så mange unge spelarar herja med lag som Staal Jørpeland, rett nok i éin omgang, har vore flott. Eg kjem til å sakna spelarane og det gode miljøet i gruppa, seier Steffensen, som ikkje har planar om trena andre lag i sesongen som kjem.

Os-kaptein Stian Lunde takkar Øyvind for eit fint år saman på Kuventræ.

– Øyvind har gjort ein strålande jobb i ein vanskeleg sesong. Personleg har eg hatt eit veldig godt samarbeid med han, og mange gode samtalar og diskusjonar.

– Den innsatsen han har gjort med gute- og juniorspelarane, som har fått erfaring på nytt nivå, kjem vi til å ha stor glede av neste sesong

Tydeleg type

Sperrevik er som Stigen utan kommentar til den komande sesongen, men seier dette om den knapt eitt år lange trenarkarriera hans:

– Eg synes det å vera trenar passar meg godt. Eg trivst med oppgåvene eg har hatt til no og har blitt godt kjent med Os Turn, frå topp til botn.

Tim si trenarkarriere starta i forkant av 2011-sesongen, som hovudtrenar for gutelaga til Os. Då Einar Nytræ trekte seg som junior-trenar i sommar tok Sperrevik steget opp eit hakk.

– Eg veit kva eg går til og eg kjem til å halda fram med å vera tydeleg og direkte på kva eg ventar, både av spelarar og dei rundt meg i systemet, seier den tidlegare toppskåraren til Os.

Haustar lovord

Tim tok utvida trenarutdanning i 2010, det siste året før han la opp som spelar, og er no trenar C. Både sportsleg leiing i Os Turn og trenarkollegaer som Bjørn Mjelva og Einar Nytræ har i fleire samanhengar kome med lovord om den ferske trenaren.

– Tim er fagleg dyktig, grundig, systematisk og bestemt, det viste han også då han heldt på med trenarutdanninga si. Vi trur han kjem til å gjera ein god jobb med A-laget, seier Roald Stigen.

Dei eldste spelarane på A-laget, Stian Lunde (29) og Tore Valvik (25), trur ikkje det blir vanskeleg å ha ein tidlegare lagkamerat som trenar. Snarare tvert imot.

– Allereie i fjor tenkte eg det var naturleg at Tim overtok A-laget. Han er ein type som spelarane har stor respekt for, og han får mykje ut av folk, både i trening og på kamp, seier Valvik.

Stian Lunde er einig:

– Det er vanskeleg å finna ein med så mykje erfaring som spelar og så stor kjennskap til Os-fotballen. Tim er nøye og kommuniserer veldig godt, eg ser verkeleg fram til 2012-sesongen og samarbeid med Tim.

Vil prioritera juniorlaget

Os landa på 7. plass i 3. divisjonsavdelinga si i år. Os 2 landa på 6. plass i si 3. divisjonsavdeling i fjor, men rykte ned fordi A-laget rykte ned frå 2. divisjon.

Os 2 rykte i år ned frå 4. til 5. divisjon. Spelarmangel gjorde at fleire frå oldboyslaget måtte på banen for Os 2 dei fleste av kampane.

I tillegg fekk juniorane og gutespelarane eit tett kampprogram og nokre av dei kanskje eit litt for brått møte med seniorfotball.

– Det er ikkje bestemt om vi held fram med rekruttlag neste år, men vi skal uansett prioritera juniorlaget, seier Stigen.

Mjelva og Balland tar gutelaget vidare

Kven som blir trenar for juniorlaget er uvisst, men det er bestemt at Bjørn Mjelva held fram som trenar for gutelaget.

Med seg får han blant anna tidlegare trenar for damelaget til Os, Rune Balland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.