Tim putta først i footgolf på Hauge

Bjørnefjorden Golfklubb opna laurdag ein ny type 9-holsbane. Vi testa footgolf saman med den tidlegare toppskåraren til Os.

Tim er treffsikker, også i «golf». (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 21. juni 2015 09:25

Bildeserie:

Men måtte nøya seg med same score som Tim på første hol. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Rett etter Tesla-tureneringa var det tid for opning av footgolf-banen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Tim Henrik Sperrevik, Eivind Hodneland og Per-Ove Bahus Lysvold. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Banemeister Lysvold tok første avspark. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Så var det Hodneland sin tur. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Første hol er på 75 meter. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Her er banekartet. Alle hola er på og ved treningsfeltet.
Svenningsen klarte nesten éin under par. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Men måtte nøya seg med same score som Tim på første hol. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Rett etter Tesla-tureneringa var det tid for opning av footgolf-banen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 8

– Planlegginga starta i vinter. Etter ein våt vår kunne vi no endeleg bygga banen, det var gjort på ei veke å få grava ned hola, seier banemeister Per-Ove Bahus Lysvold.

Footgolf er ifølgje dagleg leiar Eivind Hodneland i ferd med å bli ein stor idrett på Austlandet. Footgolf Norway blei etablert i 2011.

– Det blir stadig fleire golfbanar som supplerer med footgolf, og det blir arrangert ganske store turneringar i sporten.

– Er det golfarar eller fotballspelarar som blir hekta?

– Begge delar. Og andre. Synest du det er gøy å sikta, sparka og treffa, og har ein liten porsjon konkurranseinstinkt, er dette sporten for deg.

– Eg ser for meg at dette er ein perfekt hobby for til dømes Kjell Morten Søvik, seier Eivind og ler.

Frå 60 til 105 meter

Footgolf-banen er bygd på treningsfeltet på golfbanen og kjem til å få eigne opningstider fredag til søndag. På bestilling kan den også opnast enkelte ettermiddagar, men det skal ikkje spelast footgolf parallelt med golf.

Banen består av 9 utslag og like mange hol, alle som nedgravde drenerte bøtter med flagg i. Bøttene får lokk på når banen ikkje er i bruk.

Både underteikna og Os og Fusaposten-journalist Kenneth Svenningsen tangerte Tim Henrik Sperrevik og spelte første hol på par (75 meter på tre skot). På andre og tredje hol rykte Tim ifrå.

– Eg har ikkje spelt golf før, men dette var kjekt! seier Tim Henrik, som takka ja då den tidlegare Os Byggsenter-kollegaen Hodneland inviterte til opning på Hauge.

Dei ni hola varierer frå 60 til 105 meter lengde og 3-4 skot som par. I alt er banen 677 meter lang par 31.

Enkle reglar

Prisen på ein runde footgolf kjem til å ligga på 100-150 kroner. Ifølgje Footgolf Norway, som blei stifta i 2011,

Bjørnefjorden Golfklubb deler ut eit informativt scorekort til spelarane, med lengde, par, kart og 12 reglar.

I grove trekk handlar det naturlegvis om å få ballen i holet på færrast mogleg skot, som individuell deltakar eller på lag med inntil fire spelarar.

Eitt skot gjev eitt poeng. Hamnar ballen utanfor blir den droppa, noko som gjev eitt poeng ekstra (nei, det er ikkje om å gjera å få flest poeng). Det er berre lov til å skyta ballen, ikkje føra eller vippa den.

Om ballen din blir råka av ein annan spelar sin ball skal den plasserast tilbake der den låg. Ligg den i vegen for ein annan sin ball kan den flyttast mens den andre skyt. Ingen av desse handlingane fører til straffepoeng for nokre av spelarane.

bjgk.no kjem oppdatert informasjon om footgolf.

Dagens offisielle opning av banen blei noko spontan, etter Tesla-runden same dag. I dag, søndag, er det finale i Bjørnefjorden Tesla Golfturnering.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.