Lokal | 16. jan. 2020

Timesvis med kø etter «enkel» kollisjon

Kunne noko vore gjort annleis etter frontkollisjonen på Søfteland i går?

Timesvis med kø etter «enkel» kollisjon
Kø over Søvikåsen onsdag ettermiddag. (tips@midtsiden.no, foto: Catrine M. Daviknes)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 16. jan. 2020 11:00

Bildeserie:

Kollisjonen skjedde rundt kl 15. (Lesarbilde - tips@midtsiden.no)
Kollisjonen skjedde rundt kl 15. (Lesarbilde - tips@midtsiden.no)
E39 opna kl 16.30, kl 16.50 gjekk det framleis svært seint ved Meny. Foto: KVB)
E39 opna kl 16.30, kl 16.50 gjekk det framleis svært seint ved Meny. Foto: KVB)
1 av 2
Kollisjonen skjedde rundt kl 15. (Lesarbilde - tips@midtsiden.no)
E39 opna kl 16.30, kl 16.50 gjekk det framleis svært seint ved Meny. Foto: KVB)

Onsdag rundt klokka 15 var det ein frontkollisjon på E39 Byvegen mellom Gåssandskiftet og Tømmernes.

Ein personbil med retning Os kom over i motsett køyrefelt og kolliderte med ein pickup som køyrde mot Bergen.

– Det var to personar i pickupen, ein vaksen og eit born, og fire i personbilen, ein vaksen og tre born, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.

Alle framsto som utan alvorleg skade, men alle blei sendt til Haukeland universitetssjukehus for ein sjekk.

Teknisk feil?

Politiet tok beslag i førarkortet til sjåføren av personbilen.

– Det var nokre språkutfordringar på staden, men han skal ha forklart at årsaka til kollisjonen var ein teknisk feil med bilen, derfor er bilen tatt inn til vegvesenet for undersøking.

Store ringverknadar i ettermiddagstrafikken

Politiet meldte klokka 15.24 at trafikken gjekk greit forbi ulykkesstaden, noko som førte til fleire reaksjonar i kommentar og per epost til Midtsiden-redaksjonen. Trafikken retning Os gjekk i periodar, mens reisande med buss retning Bergen fortel at dei sto heilt i ro i ein heil time.

Klokka 16.30 skal vegen ha vore ferdig rydda, og politiet avslutta på staden. Dette blei informert via Twitter klokka 16.38.

Då hadde det for lengst byrja å hopa seg opp med bilar over Fanafjellet, i Åsen og over Søvikåsen. Her gjekk trafikken sakte til minst klokka 17.20, altså ein time etter at E39 var open, ifølgje Google Maps si trafikkovervaking. Politiet var i periodar i Lysefjorden får å dirigera.

Klokka 16.50 var det framleis kø retning Os heilt til Vallaheiane. På same tid sto trafikken frå Bergen og Halhjem heilt i ro i rundkøyringa ved Meny Industrivegen, mens bilar kom seg frå Industrivegen og vidare retning Os sentrum.

Eit alternativ for betre flyt - gi opp!

Kvifor blei gårsdagens trafikk så hardt ramma? Er det noko politiet eller trafikantane kunne gjort annleis?

– Når det skjer ulykker på så trafikerte hovudvegar som E39, i starten på ettermiddagsrushet, så får det dessverre raskt store ringverknadar, seier Grindstein.

– Politiet på staden jobbar så fort dei kan, men først og fremst med å sikra liv og helse.

– Hadde språkutfordringar og det at bilførar skulda på tekniske årsaker innverknad på tidsbruken?

– Språkutfordringa, truleg, men det tekniske blir først undersøkt etterpå. Vi tok bilde og dokumenterte som normalt.

– Er det noko bilistane kunne gjort annleis?

– Å prøva seg på delvis smale vegar via Lysefjorden mellom Os og Bergen kan vera med på å skapa fleire opphopingar som varer lengre, som vi såg i går.

– Vi forstår at alle vil koma fram så raskt som mogleg, og at mange sikkert har viktige ting å rekka. Men om du via ulike media og kart ser at det er i ferd med å danna seg lange køar, og du anten kan venta eller nokon i den andre enden som kan hjelpa med for eksempel henting i barnehagen - så gi opp i staden for å skynda deg inn i ein eller annan kø.

– Jobb litt overtid eller set deg på ein kafé, så blir det kortare kø for dei som vel å kjempa om å koma seg heim først.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.