Lokal | 12. mars 2013

Timinga er perfekt!

Kommentar om sentrum, del 2: I går la vi litt ved på sentrumsutvikling-bålet. Det er fleire årsaker til at dette er rette tida å gjera det på.

Timinga er perfekt!
Fiskebrygga i Kristiansand er ein idyllisk plass. Kunne vi ha henta litt av hamna heilt inn i Os sentrum? (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 12. mars 2013 12:15

Måndag publiserte vi ein kommentar om Os sentrum. Det er ikkje ofte vår vesle, men travle redaksjon tar seg tid til sånt.

Les kommentaren: Vegen vidare for Os sentrum

Det er tydeleg at saka engasjerer mange, tilbakemeldingane har vore mange og positive. Men eg skreiv ikkje denne for å bli populær, eller for å senda ut kritikk i vifteformasjon. Eg skreiv fordi eg meiner saka er viktig og tida er rett. Og så klødde det i fingrane.

Tida har nok vore rett før òg, vi kjem ikkje akkurat nokon i forkjøpet om det blir tatt grep no. Men timinga er no gunstig, ikkje berre fordi mange lokale står ledige, at behovet er brennande, men fordi store delar av eigedomsmassen i Os sentrum ligg no ute for sal. Og andre delar av sentrum gjennomgår no eit generasjonsskifte.

I tillegg har Os kommune nyleg starta eit nytt sentrumsutvikling-prosjekt. "Liv på Øyro" forpliktar. Har du låge forventingar til prosjektet, sa du? Så spe på med idear, då? Så er også du med på å bera ved til bålet, å halda dampen oppe hos dei som jobbar med saka. Klaging og sutrete kommentarar har det allereie vore nok av, det har ikkje tatt oss vidare.

Først mål og plan

I kommentaren i går skreiv eg om høge ambisjonar og langsiktige mål. Som ein replikk på facebook kom Ingrid Netland med fin tilbakemelding og gode supplement. Sentrumsparti-politikaren skal få lov å ønskja seg jordnær planlegging. Ein start med enkle grep er også viktig og riktig - alle må starta ein plass, dessutan er konkrete tiltak veldig visuelt, det er med på å gje håp og tru på neste steg.

Men mål og plan må koma først, elles blir det vanskeleg å starta, kven vil investera i noko som dei ikkje ser utgangen av, i noko som ikkje er del av noko større? Dessutan kan ein feil start sperra for eit seinare tiltak - om ikkje det er eit hovudmål og ein plan bak. Vi treng vel ikkje nemna eksempel?

Og når det kjem til fasen vi er i no treng vi ikkje vera jordnær. Dette er tida for tanketømming, høgttenking, drøming med utgangspunkt i at alt er mogleg.

Kva ville du gjort om Os sentrum kunne byggast på nytt?

Så kan debattane som følgjer vera det nødvendige filteret for å skapa noko gjennomførbart.

For kva hadde blitt skapt av minneverdige bygg og anlegg om tiltakshavar og arkitekt starta veldig varsamt? Og korleis skal vi lokka til oss investorar, viss ikkje vi har noko sexy å tilby?

Dessutan kan det meste gjennomførast. Naboar bak Os Sjøfront, have me excused, men sjå mot Mobergsneset og tenk fem år tilbake.

Viss nokon sa til deg; her ved denne campingvogna inne i denne lugubre innhegninga og opp mot den falleferdige kafeen skal det koma over 100 nye moderne bustadar, ein ny molo med ei stor hamn, ein fantastisk promenade av ei brygge og eit kulturhus til drygt 200 millionar kroner. Så stilig at det blir kåra til årets bygg, så god som konsertarena at vi må setja opp ekstraframsyning viss Bjørn Eidsvåg kjem for å spela. (At dei gløymte å teikna inn nok vindauge tar vi i parantes i denne samanhengen.)

Førebels er grauten betre enn smørauget

Mykje positivt har allereie skjedd rundt Os sentrum i nyare tid, også utanom utviklinga av distansen mellom Peppes og Vikjo. For drygt 20 år sidan kom gjestebrygga, for dei som er for ung til å hugsa tida før gjestebrygga, med den vesle, mørke, glatte kaien som var midt i ei stygg steinrøys bak Essoen.

På midten av 2000-talet kom Vindu mot Fjorden med sine bustadar, næringslokale og brygge. Saman med Oselvarnaustet og Oselvarverkstaden har austsida av elvemunningen vore representativ i fleire år.

Irisgården er fullstappa av leigetakarar, vi har vinmonopol på gateplan, eit av få pol i Noreg som sel like godt om sommaren som i julemånaden, mykje takka vera god hytte- og båtturisme i Os. Vi har dessutan storkiosk, bowling og fleire serveringsstadar på bryggene og nær bryggene.

Fleire hus skal byggast heilt ved sentrum, Hamnehagen er for sal, Leigland er snart i gang og området frå Statoil til Os Næringspark er under regulering. Landboden, området frå sentrum og opp langs elva til Os ungdomsskule, kjem også.

Sentrumsutviklinga er på mange måtar i gang - det vi manglar er sentrumskjerna. Det har blitt vandra som katten rundt grauten - til no. Men kva skal til for at smørauget blir eit smørauge?

Brente bruer og byggeklare bruer

Vi må ta utgangspunkt i kva vi har, alt kan ikkje rivast. Dessverre, vil mange seia. For det er nokre forhold som ikkje er ideeelle for ein strandstad med ei flott lakseelv som renn heilt inntil sentrum.

Osøyro er skjerma og lagt i skyggen av fleire ruvande bygg, nedste del av Oselvo ligg i ein bakgard bak Handle- og Bjørnegården og austsida av elva er privat. Handlegater og torget ligg bak eit gigantisk rådhus, som etter mitt syn er verken fint eller stygt - det kastar berre litt mykje skygge.

Mange meiner Essoen burde vore fjerna, dei vil bygga park ved gjestebrygga. Ja, verkstaden kunne vore flytta og ja, bensinstasjonen kunne vore pynta med kvit kledning på delar av fasaden (og kanskje amputert vekk vaskehallen). Men bunkring og kiosk høyrer med som service til båtfolket. Litt parkering kunne vore flytta, så vi fekk meir fellesareal og kanskje plass til ein salsbod med sjømat eller liknande. Men det ser ikkje ut til å hasta, det er framleis romsleg på bryggene - sentrumskjerna har større behov for oppgradering.

Så har vi det som gjev grunn til håp, bruene som ikkje er brente. Husa som står klare for opprusting, nokre av dei ligg for sal. Med færre og større huseigarar i Os sentrum, og gode planar, kan det bli enklare å ta store løft saman.

Grunnlaget ligg i bu-forholda

Sentrumsplanen seier mykje om ambisjonar for framtida til Os sentrum. Vi skal ha fleire bustadar og fleire kontor oppover i etasjane. Det er musikk i øyrene til både investorar, som veit at det ligg fleire kroner i leilegheiter enn i utleige til detaljhandel, og for butikkane, som får ein større marknad.

Terje Haugan, eigedomsrådgjevaren som representerer fondet som eig Oshjørnet, bankbygga og Buggegården, har jobba som ein terrier for å betra bu-forholda i Os sentrum, på vegne av oppragsgjevaren sine prosjekt. Støy har vore hovudproblemet, kven vil bu ein plass der det er gauling i gatene frå klokka 3 til 4 kvar natt til laurdag og søndag året rundt?

Det er lett å mislika nokon som kjempar for å få fjerna ein nattklubb. Vi hadde jo Madammen og så hadde vi Opus. Skal nokon øydelegga for investorar som bruker millionar på å bygga ein heilt ny nattklubb i Os sentrum, det har jo "alltid" vore skjenking i Os sentrum.

Men uavhengig av den uavklarte nattklubbsaka så må det ein detaljert plan til for Os sentrum skal bli ein attraktiv plass å bu, noko som er første steg i retning større investeringar i bygningsmassen. Os kommune må vera tydelege i korleis dei vil Os sentrum skal sjå ut og trufaste mot eigne planar.

Fondet og nye Oshjørnet har kanskje vore litt tidleg ute med store vyer for Os sentrum, og kanskje dei burde har starta med mindre og rimelegare husvære. Men Haugan har argumentrekka i orden, store løft startar med sal av bustadar, og det er ingen grunn til at ikkje Os sentrum skal bli ein idyllisk plass å bu. Haugan er den som har jobba hardast for Os sentrum det siste året.

Kva må til?

Det er på tide å bli konkret. Kva kan gjerast?

Det er gledeleg å lesa Terje Søviknes sin kommentar til saka vi la ut i går: "I disse dager holder prosjektleder (for Liv på Øyro) Cato Zachrisen på med en møysommelig kartlegging av alle gåreiernes interesser og visjoner for fremtiden. De er mange og de er små, men i fellesskap kan vi utrette mye!"

Kartlegging er viktig. Vi må veta kva vi har i areal og kva dei som eig Os sentrum vil. Det er ikkje sikkert at alt må seljast til ein baron for at vi skal få til noko.

Men vil det bli eit kjempeløft for Osøyro om alle skiftar kledning? Vil det plutseleg bli ein bra marknad for bustadar om alle gårdeigarane i sentrum lanserer nye prosjekt? 

Eller kan vi gjera noko i offentleg rom som skaper ei stemning som får folk til å setja seg ned, som får folk til å ønskja at tida står stille. Lunsjpausen blir litt lengre - og du drit i det.

Kan det byggast tak over torget eller eit lekeapparat på Kyrkjeflaten? Kan nokre av bygningane få eit mini-kjøpesenter, fleire små butikkar under same tak, at det skal vera starten, saman med fleire bustadar?

Ein våt draum for Osøyro

Sentrum er dessverre litt skjerma frå det Os er best på, det som skaper mest idyll; fjord og elv. Det er noko med vatn, sjå berre kor folk samlar seg rundt fontener i dei byane der desse finnest.

Folk snakkar gjerne om Voss og alt dei får til i skibygda, som er litt mindre enn Os i folketal, men som har ein annan turisme å ta av.

I Os har vi fleire hundre meter med gjestebrygger. Vi er ein svipptur inn fjorden for dei som kjører båt mellom Fitjar og Bergen. Vi har nasjonalbåten som blir bygd og brukt i elveosen. Vi kan sitja i Os sentrum og sjå villaks vandra opp elva.

Bør ikkje vi bli endå betre på det vi er god på?

Vi kan byrja med å bygga ei betre båthamn, skjerma hamna, helst med moloar, alternativt med bølgjebrytarar som gjerne blir lagt ut i april og taua inn i elva eller inn til Hatvik i september. Ein bølgjebrytar frå Vindu mot Fjorden mot gamlemoloen på vestsida og ein frå Peppes mot Oselvarnaustet.

Underteikna har spurd Os Sjøfront om dei vil donera eller selja billeg dei havarerte bølgjebrytarane frå sjøfront-moloen til Os Sentrumsforening. Dei høyrtest ikkje ut til å vera framand for tanken.

Rykte om ei god hamn spreier seg fort i båtmiljøet og båtturisme kan gje auka handel sommarhalvåret, kanskje meir enn eit hotell på Mobergsneset.

Men eg liker også tankane til Bernt Helén veldig godt, vist i førre innlegg, tanken om ein kanal inn i Os sentrum, med eller utan plass til båtar.

Kva om vi kan henta idyllen frå hamna helst heilt inn til torget?

Eller om vi tar den lengre, at du kan kjøra båt frå gjestebrygga forbi rådhuset, Rosvold og mellom Oshjørnet og GH Interiør og ut i Oselvo? Med små bruer som kryssar kanalen. Vi snakkar spunting (grunnsikring) for millionar, men det hadde vore stilig.

Litt Venezia, litt galskap, mykje idyll og eit stort løft.

Har du vore på Fiskebrygga i Kristiansand? Går du gågata mot hamna og tar til høgre langs brygga, mot aust, kjem du til ei perle av ein opprusta plass, der fiskehandlar, småbutikkar og restaurantar ligg tett i tett og har eit yrande liv (og uteliv) om sommaren. Til insirasjon.

Saman med lokal kartlegging er dette noko Zachrisen kan bruka tid på. Gode eksempel på sentrumsutvikling - samla dei i ein sekk - saman med sitat frå dei som sto bak, frå dei som i etterkant kan fortelja om kva store grep fekk å bety for næringslivet i bygda eller bydelen.

Eg oppfordrar deg som lesar å vera konstruktiv, anten du kommenterer denne saka eller sender epost til Os kommune med tankar om sentrum. Timinga er perfekt!

Kjetil Vasby Bruarøy
Ansvarleg redaktør

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.