I dag fekk elevane til vidaregåande utdanning melding om dei har kome inn eller om dei står på venteliste (foto: KVB)

TIP på topp

Teknisk og industriell produksjon (TIP) aukar mest. Kravet for å koma inn på Os gymnas aukar óg ved førsteinntaket.

Av: Andris Hamre

I dag fekk elevane til dei vidaregåande skulane i Hordaland beskjed om kor dei står etter det første inntaket.

Inntaket syner at interessa for TIP er aukande, kor det i år er 70 fleire søkjarar enn i fjor. Dette er ei auke på 10,6 prosent.

– Vi har størst prosentvis auke til teknikk og industriell produksjon (TIP), seier inntaksleiar Nils Skavhellen etter at det første inntaket til dei vidaregåande skulane i Hordaland er klart.

– Nedgangen i oljerelatert industri førte til nedgang i 2014 og 2015. I 2016 flata det ut og vi fekk auke i fjor. No ser det ut til at dei gode tidene er tilbake. Dei som starta på TIP for to år sidan kan no gå ut i ettertrakta læreplassar, seier Skavhellen. 

Studiespesialisering aukar 

Den andre studieretninga som opplever fin auke er studiespesialisering med 114 fleire søkjarar enn i fjor.

– Det er spesielt i Bergen sør, gamle Fana kommune, vi opplever auke i søknaden til studiespesialisering. Vi har difor oppretta ein ekstra klasse på Nordahl Grieg videregående skole og på Sandsli videregående skole. Eigentleg er auken i søknaden i Bergen meir enn desse 114, fordi vi har nedgang elles i fylket, seier Skavhellen i ei pressemelding. 

Eit anna trekk i søknaden er at Fana-elevar er meir tru mot skulane i nærmiljøet enn elles i Bergen.

– Vi ser at prosentvis føretrekkjer elevar frå gamle Fana kommune å gå på offentleg skule i nærleiken, mens elevar frå Åsane og Bergen vest, heller føretrekkjer private skular, seier Skavhellen. 

Størst nedgang opplever elektrofag med 61 færre og media og kommunikasjon med 54.

Høgre grense på Os gymnas

Nedre poengsum etter 1. inntaket til vg1 studiespesialiserande ved Os gymnas er i år på 37,10 poeng, mot 34,30 i fjor.

– Vi understrekar at det kan vere søkjarar med same poengsum som vist ovanfor som ikkje har fått tilbod om plass etter 1.inntaksomgang. Ved same poengsum blir dei siste plassane fordelte ved maskinell loddtrekking.

– Vi understrekar også at poengsummane på alle skulane vil gå til dels mykje ned ved 2. inntaksomgang den 30. juli.

Prognosen for 2018 seier at det er 212 søkjarar til Os gymnas mot 255 i fjor, altså ein nedgang på 43. Til samanlikning opplever Os vidaregåande ei auke. Frå 642 i fjor til 674 i år.

Mange på venteliste 

Ved dette førsteinntaket ein del søkjarar som vil bli skuffa over at dei ikkje har fått plass ved den skulen eller ved det utdanningsprogrammet dei har søkt. Mange har og fått melding om at dei står på venteliste til alle ønskja sine.  Dette vil endre seg mykje ved andreinntaket måndag 30. juli, og enno meir ved tredjeinntaket onsdag 8. august. 

Må svare på vigo

Det viktigaste no er at søkjarane går inn på vigo.no og svarar på om dei tek imot tilbod om plass, og/eller om dei framleis vil stå på venteliste.  Dersom du ikkje har svart når svarfristen går ut, mister du plassen utan nærare varsel. 

Ein del søkjarar «gidd» ikkje svare fordi dei ser at dei uansett blir strokne frå listene etter 25. juli. Til dei er det å seie at det alltid er til det beste å svare, då unngår ein mistydingar. 

Fleire saker