Sport | 24. aug. 2019

Tittelforsvarar og debutant sette kvar sin rekord

Osløpet: Stian Bråthen Johannessen og Kjersti Tyse Lyssand i mål på rekordsterke tider.

Tittelforsvarar og debutant sette kvar sin rekord
I mål på rekordtid: Fjorårsvinnar Stian og debutant Kjersti. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 24. aug. 2019 14:46

Bildeserie:

Start i Os sentrum klokka 14 i dag. (Foto: KVB)
Start i Os sentrum klokka 14 i dag. (Foto: KVB)
Marius Neset i kvitt. (Foto: KVB)
Marius Neset i kvitt. (Foto: KVB)
Rundt Lundehjørnet og opp Stegen. (Foto: KVB)
Rundt Lundehjørnet og opp Stegen. (Foto: KVB)
Den nye mosjonsdistansen 3 km samla berre åtte deltakarar. (Foto: KVB)
Den nye mosjonsdistansen 3 km samla berre åtte deltakarar. (Foto: KVB)
Stian i mål til ny løyperekord. (Foto: KVB)
Stian i mål til ny løyperekord. (Foto: KVB)
Michal Walczak kom på 2. plass med 24,16. (Foto: KVB)
Michal Walczak kom på 2. plass med 24,16. (Foto: KVB)
Geir S. Skaten tok 3. plass og måtte sjå løyperekorden frå 2017 slått. (Foto: KVB)
Geir S. Skaten tok 3. plass og måtte sjå løyperekorden frå 2017 slått. (Foto: KVB)
Jostein Hannisdal tok 4. plass. (Foto: KVB)
Jostein Hannisdal tok 4. plass. (Foto: KVB)
5. plass: Richard Lunde. (Foto: KVB)
5. plass: Richard Lunde. (Foto: KVB)
7. plass: Marius Neset. (Foto: KVB)
7. plass: Marius Neset. (Foto: KVB)
Even Jentoft (27,31) var raskast av dei under 20 år. (Foto: KVB)
Even Jentoft (27,31) var raskast av dei under 20 år. (Foto: KVB)
Kjersti Tyse Lyssand, rett bak Trond Blomberg, vann dameklassen. (Foto: KVB)
Kjersti Tyse Lyssand, rett bak Trond Blomberg, vann dameklassen. (Foto: KVB)
Ida Farestvedt Dale (28,14) var nest raskaste kvinne og best av dei under 20 år. (Foto: KVB)
Ida Farestvedt Dale (28,14) var nest raskaste kvinne og best av dei under 20 år. (Foto: KVB)
Børge Brekke (14. plass) og Tore Sælen (11. plass) tok seg ein pust på bakken. (Foto: KVB)
Børge Brekke (14. plass) og Tore Sælen (11. plass) tok seg ein pust på bakken. (Foto: KVB)
Valter Midtsæter var einaste over 50 år. Han kom i mål på 29,23. (Foto: KVB)
Valter Midtsæter var einaste over 50 år. Han kom i mål på 29,23. (Foto: KVB)
1 av 15

I dag blei Osløpet arrangert for tredje år på rad etter comebacket i 2017. Etter barneløp og stafett var det tid for hovudløpet;

6,5 kilometer frå Os sentrum opp Stegen, over Moberg, ned til Oseana, rundt Solstrand og Finnebrekka og tilbake til Øyro.

I alt var det 232 deltakarar mot 255 i fjor (og 266 i 2017).

– Vi var seine med å setja dato og har marknadsført det mindre enn tidlegare år. Likevel fekk vi over 200 deltakarar, det er vi nøgde med, seier Jeanette Borgen Kallekleiv, nyleg påtroppa leiar i Os Sentrumsforening.

Sentrumsforeininga arrangerer løpet og har med seg Os Turn friidrett på teknisk gjennomføring.

To nye løyperekordar

Stian Bråthen Johannessen vann herreklassen og Kjersti Tyse Lyssand vann kvinneklassen i Osløpet 2019.

Bråthen Johannessen vann med tida 25,09 i fjor, litt bak Geir S. Skaten sin løyperekord (24,24) i 2017.

I dag kom Stian i mål på sterke 24,08 og ny rekord.

– Eg har trent meir løping enn før, men har slite litt med skade etter ein halvmaraton i vår, så eg var litt spent.

– Hadde eg ikkje hatt to så sterke løparar med meg i tet så hadde det ikkje blitt ny rekord heller, seier Stian om rekordløpet.

Geir S. Skaten deltok og kom på 3. plass med tida 24,47. Han fortel om ei dårleg treningsveke etter Skåla Opp førre helg.

– Eg prøvde å rykka frå opp frå Solstrand, berre for å sjå om det var noko å henta, men det gjekk ikkje.

Michal Walczak tok 2. plassen, også det på ei tid (24,16) betre enn førre løyperekord.

Sjå resultatliste på eqtiming.com

Kjersti Tyse Lyssand, som i april sette ny løyperekord i Mobergslia Opp, deltok i dag i Osløpet for første gong.

– Løypa var som eg trudde, ein hard start, men ei god og kjekk løype. Eg hadde mål om å koma mellom vinnaren i fjor og løyperekorden, sa Kjersti etter målgang, men før ho visste at tida hennar var betre enn målsetnaden.

Kjersti kom i mål på 27,38 og slo dermed Solveig Sandvik Tvedten sin løyperekord (27,50) frå 2017. Cecilie Hagen vann i fjor på 29,00.

• Omtale og bildeserie frå 2017 og 2018.

Spontanpåmelding etter storkonsert i Bergen

Det var òg litt kjendisfaktor i Osløpet i år, rett nok ein kortreist saksofonist frå Søfteland.

Den internasjonale jazz-stjerna og Spellemannpris-vinnaren Marius Neset spelte konsert med Bergen Filharmoniske Orkester for fleire tusen i Nygårdsparken i går, i dag stilte han til start i heimbygda.

– Eg løper litt av og til, når eg er på turné, men det er sjeldan eg deltar i løp. I dag skulle vi til Os i anna ærend, det var heilt spontant at eg meldte meg på.

– Det er godt å få løpt litt, men det var tungt, seier Marius, som kom i mål på sterke 26,50 og tok 7. plass i den store klassen menn 20-49 år.

Det var ikkje beint fram å spela konsert med Harmonien heller, sjølv om han og orkesteret haustar ros i BT.

– Konserten gjekk fin, men oppvarminga var ikkje otimal. Eg sat fast i heisen på hotellet i ein time, på veg til konserten, så Harmonien måtte venta på meg.

– Det blei ein del vitsing om heismusikk, men publikum tok godt imot oss då konserten kom i gang, fortel Marius og ler.

Han har nyleg flytta frå København til Oslo og reiste rett frå Osløpet til Flesland for å koma seg over fjellet igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.