Lokal | 12. okt. 2020

Tiur på tulltur

Åt nyper på sauebeite i Øyane.

Tiur på tulltur
Tiuren hoppa mellom hustak og beite på Bruarøy i dag. (Foto: Marie Lunde Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 12. okt. 2020 19:44

Tysdag formiddag blei ein storfugl observert på eit fortau på Lepsøy. På ettermiddagen kom skogsfuglen endå lengre ut i skjergarden.

– Ein kamerat ringte, og eg køyrde rett til Garvikasvingen, der den var observert. Det var som om den låg og kvilte seg, og vi kom ganske nær før den tok til vengjene, fortel Per Henrik Lunde Bruarøy.

Tiuren sette seg på taket på eit naust. Etter at Per Henrik kom heim, ringte svigermor Laila og ba han lista seg opp for å sjå kva som sat på hustaket.

– Eg hadde ein mistanke om kva det var, og ganske rett, den hadde fyke ut her til Bruarøy.

Tiuren fauk frå naust på Lepsøy til hustak på Bruarøy. (Foto: Per Henrik L. Bruarøy)
Tiuren fauk frå naust på Lepsøy til hustak på Bruarøy. (Foto: Per Henrik L. Bruarøy)

– Ein kamerat som var her og slakta sau, plukka ei hand med nyper og kasta til den. Det såg han ut til å lika.

Etter ei stund på taket kom den ned på bakken, og såg ikkje ut til å sky folka på bakkeplan. Tiuren var oppom fleire hustak, og nedom sauebeitet, der den fekk meir nype.

– Svigerfar har jakta orrfugl i området før, men tiur er sjeldan å sjå. Etter at bilde av fuglen blei delt på Facebook har andre innbyggarar i Øyane kommentert at den har vore her nokre dagar. Den er flott å sjå på, eg håper den blir verande!

Endre Karlsen frå Skanslien var på besøk, og kasta nyper til tiuren. Det sette han pris på. (Foto: Per Henrik L. Bruarøy)
Endre Karlsen frå Skanslien var på besøk, og kasta nyper til tiuren. Det sette han pris på. (Foto: Per Henrik L. Bruarøy)

40 av 6.700 i vårt fylke

Storfugl (Tetrao urogallus) er ein art av skoghøns (Tetraonini) i fasanfamilien (Phasianidae). Hannen blir kalla tiur, hoa blir kalla røy.

Typisk storfuglbiotop er barskog og furuskog med innslag av løvskog, dekke av blåbær og opne sletter, i tillegg til gran med store, dekkande greiner nedst på stamma. Dette gir skjul for predatorar som raudrev, hønsehauk og mår, skriv Wikipedia.

Tidlegare varaordførar Marie L. Bruarøy heldt fram med å dela ut nyper då tiuren landa på sauebeitet. (Foto: MLB)
Tidlegare varaordførar Marie L. Bruarøy heldt fram med å dela ut nyper då tiuren landa på sauebeitet. (Foto: MLB)

I førre jaktsesong blei det felt 6.700 storfugl i Noreg. Berre 40 av desse blei felt i Vestland fylke, mens Innlandet, Trøndelag og Viken er dei store storfugl-fylka, ifølgje SSB.no.

I 2010 var Bergens Tidende med på tiurspel med vossingar på det som blei rekna som ein av dei største plassane på heile Vestlandet, mellom Bordalen og Hardanger.

Har du tips om storfugl- eller orrfuglobservasjonar i Bjørnafjorden kommune; tips@midtsiden.no.

– Den var eit flott syn, eg håper den blit verande på øya. (Foto: Kristian Bruarøy)
– Den var eit flott syn, eg håper den blit verande på øya. (Foto: Kristian Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.