Kultur | 28. juni 2010

Tivoli til Os igjen

Torsdag kjem det tivoli til Os igjen, denne gong er det Thomas Tivoli som er på turné.

Tivoli til Os igjen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 28. juni 2010 08:20

- Vi er på turné der vi deltar på både Stordfest og Tysnesfest. I tillegg kjem vi innom Os, fortel Grete Nordberg frå Thomas Tivoli.

Sist det var tivoli i Os var under Vårsleppet i starten av mai. I helga har det vore marknadsdagar og jazz- og bluesfestival i Os, no er det meir gøy på gang.

- På Os, som på Tysnes og Stord, er det begrensa med plass, og utstyret vi har med oss er tilpassa arealet vi har.

- Når det er sagt så kan vi fortelja at vi kan tilby gjestane i Os våre Extreme-karusell, for dei vågale og tøffe! Vi har også med oss twisterkarusell, berg- og dalbane og mange barnekarusellar.

Blir det godt vêr kjem også maskoten Hr. Thomas til å dukka opp. Tivoliet set også opp ein 5 meter lang teiknevegg som store og små kan bruka gratis.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.