Tivoliet trilla på plass
- Desse apparata har vi aldri hatt med til Os før, seier Peter Bergström.
I førre veke var dei i Møre på fotballcup, i går kveld trilla Bergstrøms tivoli inn på grusbanen i Os sentrum.
- Det er lenge sidan vi var her sist, eg trur ikkje eg har vore i Os sidan eg var i barneskulealder, seier Peter.
12 meter ned
Peter fortel at dei no vil rigga opp alt dei får plass til på banen ved Os ungdomsskule.
- Vi har med oss bilbane, fire karusellar og ein stor rutsjebane.
- Dei rutsjebanane du elles ser er cirka 6-7 meter høge. Den vi har veg over eit tonn og er 12 meter høg.
Tysnes next
Tivoliet opnar på torsdag og blir på Os til og med søndag.
– Så skal vi til Tysnesfest for første gong, det ser vi også fram til, seier Bergström.