Lokal | 31. okt. 2018

Tjuveri av hummarteiner i Lysefjorden

– Er det fleire i området som har mista reiskapen sin? undrast den uheldige hobbyfiskaren.

Tjuveri av hummarteiner i Lysefjorden
Illustrasjonsbilde av beslag av teiner som i 2016 var sett ulovleg. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 31. okt. 2018 08:19

Ein hobbyfiskar som tysdag skulle dra teinene sine, opplevde at to av teinene var vekke.

– Teinene sto på kvar si side av Tortelsvika, fortel fiskaren.

Tortelsvika ligg nord i Lysefjorden, mellom Lysøya og Krokeide.

– Det er neppe nokon som har køyrd på teinene, dei sto ganske nær land. Dei har stått på same stad i halvanna veke, i går skulle eg dra dei for andre gong.

Fiskaren seier han vil melda dette til politiet. Han lurer både på om nokon har tips, og om andre har problem med teiner som forsvinn.

– Det er fortvilande å mista reiskap for 2000 kroner, seier fiskaren, som håper tjuveri ikkje er utbreidd i området.

• Les òg: Ny fredningssone for hummar

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.