Lokal | 23. juli 2020

Tjuveri av post på Skeie

Gåvekort forsvann frå postkasse.

Tjuveri av post på Skeie
Bjørnafjorden lensmannskontor. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 23. juli 2020 07:44

Eit ektepar som bur i Skeisstøa opplevde tjuveri frå postkassen sin tidlegare denne veka.

– Vi kom seint heim måndag, så eg henta posten saman med avisa tysdag morgon.

– Kusina mi har sendt eit gåvekort frå Vinmonopolet til mannen min, som nyleg hadde bursdag. Men i postkassen låg berre konvolutten, som var opna, fortel kona.

Ho har åtvara naboar, og vore og kjøpt ny postkasse, då den førre ikkje kunne låsast.

– Ingen av naboane hadde observert romstering ved postkassestativet, men ein av dei, som gjekk tur med hunden måndag kveld, kom forbi ein ukjent bil. Ved bilen sat tre menn og røykte, og det skal ha lukta som noko anna enn tobakk. Eg veit jo ikkje om dette har ein samanheng, men det er det einaste naboane har registrert.

Eit enkeltståande tilfelle?

Kvinna har òg varsla politiet.

– Vi har notert hendinga, men har ikkje fått andre meldingar om tjuveri av post den siste tida, seier politioverbetjent Martin Nordeide.

Frå 2012 til 2015 var det fleire tjuveri frå postkassar i Os, på det verste var 30-40 bustadar i slengen utsette for dette.

I starten på 2015 blei ei kvinne dømt for tjuveri av post frå 13 husstandar, og misbruk av andre sine betalingskort til handel på nett.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.