Lokal | 27. aug. 2012

Tjuveri og ruteknusing

Politiet si helg: Båt på rek, knust rute i bustad på Drange, høge smell på Haugland, tjuveri frå bil på Søfteland, slåsting utanfor Essoen og ein musikant som tigga pengar til ferja.

Tjuveri og ruteknusing
Denne båten blei funnen på rek ved Sandholmane etter flaumen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 27. aug. 2012 09:23

Fredag på dagtid fekk politiet melding om ein båt på rek ved Sandholmane.

– Ein mindre, eldre trebåt låg fylt med vatn, men ein privatperson tok den heldigvis til land, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.

Båten ligg no ved gjestebrygga ved Oselvarverkstaden i Os hamn.

Knuste rute i bustad

Natt til laurdag fekk politiet melding om knust rute i bustad på Drange.

– Det skal ha vore litt skremmande for dei som opplevde det, opplyser Sperrevik.

Patruljen kom til staden laurdag formiddag for undersøkingar.

Tigga ferjepengar

Laurdag fekk politiet melding om ein lettkledd mann med gitar som gjekk i halhjemsområdet og tigga pengar.

– Patruljen var i kontakt med han. Han hadde ønskje om å koma seg sørover med ferja, men hadde ikkje pengar.

Steinkasting og tjuveri frå bil

På dagtid laurdag var det ein person som kasta stein ut i vegen litt nord for Amfisenteret.

– Patruljen møtte vedkomande, ein vaksen mann, som fekk tilsnakk.

I Langedalen på Søfteland sto ein bil som nokon hadde loppa for batteri.

Smell og slåsting

Litt over midnatt natt til søndag fekk politiet melding om høge smell på Haugland.

– Patruljen var i området og gjorde visse undersøkingar. Vi fann ikkje årsaka, kanskje var det nokon som brukte fyrverkeri.

– Det burde vore unødvendig å halda på med sånt, så seint på kvelden kan dette vera skremmande for folk, ikkje minst for ungar.

På natt var det også tillaup til slåsting utanfor Essoen.

– Patruljen var på staden og fekk snakka med partane, så det heile roa seg før det blei alvor av det.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.