Kultur | 29. mars 2017

TNT til Osfest

Laurdag under Osfest blir det garantert «10 000 Lovers (In One)» når TNT står på scenen.

TNT til Osfest
TNT speler frå midnatt larudag 12. august på Osfest (pressefoto)
Andris Hamreonsdag 29. mars 2017 08:00

– VI er stolte av å få TNT til Osfest 12. august. Dette blir den einaste konserten med TNT i Bergen og omeign sommaren 2017.

– Eg har arbeidd i fleire år med å få TNT til Os og i år lykkast vi, jublar Tor Egil Hylland.

Tilbake i knallform

TNT er for tida i studio og kjem med ein nytt album i løpet av året. Med Tony Harnell tilbake i storform blir det spennande å sjå kva som kjem frå det trønderske bandet.

I år er det i tillegg 30-år sidan det legendariske albumet «Tell No Tales» vann spelemannsprisen i 1987, noko som vil bli behørig feira frå scenen.

TNT er eit norsk hardrockband som blei danna i Trondheim i 1982. Deira melodiske tilnærming til hardrocken blei fort lagt merke til. Bandet har seld fulle hus på Rockefeller i Oslo, Union Scene i Drammen, Royal Garden i Trondheim og Kongesalen på Radisson SAS i Bergen denne vinteren.

– Eg var sjølv på konserten deira i Bergen, og dei leverte! Det ser absolutt ut som om publikum er særs klare for eit gjenhør med eit av Noregs beste rockeband, seier Hylland.

TNT består i dag av Ronni Le Tekrø (gitar), Tony Harnell (vokal), Diesel Dahl (trommer), Roger Gilton (tangenter) og Ove Husemoen (bass).

Desse speler på Osfest

Til no ser årets Osfest-program sånn ut:

Fredag 11. august

TBA (to be announced)
Kream
Unge Ferrari
Jesper Jenset
Julie Bergan
Madcon

Lørdag 12. august

TBA
TBA
TBA
Postgirobygget
Erik og Kriss
TNT

Midtsiden samleside: Alt om Osfest

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.