To 16-åringar debuterte på A-laget
Os med mange debutantar då dei slo Gneist i treningskamp.

Mens Erna Solberg 12. mars 2020 stengte ned landet, spelte Os førre treningskamp. Mot Varegg blei det 3-3.
Fredag blei det klart at vi går til trinn 3 i gjenopninga, og at det i tillegg blir fart i idrett for dei over 20 år igjen.

– Det var noko usikkert kor tid vi kunne gå i gang, men så blei det avtalt treningskampar over heile landet laurdag, og vi fekk raskt ein avtale med Gneist, fortel Os-trenar Endre Brenne.
Os slo laget frå divisjonen under. Kampen gjekk over 2 x 35 minutt.
Os Gneist 3-0 (2-0)
Målskårarar: Niklas Fosen (debutant), Kristian Halvorsen (straffe, debutant) og Leif Simen Mjånes (debutant).
– Det var sjølvsagt veldig kjekt å leia laget i kamp igjen. Det var periodevis mykje fint å sjå, og veldig kjekt med alle debutantane og alle dei unge som fekk prøva seg.
Dei fire yngste er Sebastian Plätzer fødd i 2005), Jonathan Mjånes Lund (2005), og Leif Simen Mjånes (2004) og Sverre Spangelo Haga (2004).
– Vi har fleire unge som trener med oss, og som hadde vore med til denne kampen om dei var tilgjengeleg. Andre får prøva seg seinare, seier Brenne.
Sverre er ein av veslebrørne til den solide tidlegare Os-backen Knut Spangelo Haga. Han blei tatt opp som fast medlem av A-laget på 17-årsdagen sin tidlegare i juni.
Os mangla blant andre Rune Mo, Roger Ekeland, Zsolt Korcsmar, David Trias, Jonas Hovland, Tobias Nøss, Rafael Villen og Kasper Færøvik til treningskampen.

Dette var startellevaren: Erlend Hevrøy - Anders Havsgård, Lars Hadler-Olsen, William Lygre (frå Brann 2/Fana, på prøvespel, Torgeir Lunde - Kristian Halvorsen, Steffen Kvamsdal, Marius Mikkelsen - Thomas Spilde, Niklas Lunde Fosen og Kristoffer Røttingen.
Brenne gjorde tre byte i pausen:
Sverre Spangelo Haga inn for Havsgård
Sebastian Plätzer inn for Mikkelsen
Sander Kvittingen inn for Fosen
Andre innbytarar med speletid: Thomas Færøvik (for Hadler-Olsen), Jonathan Mjånes Lund (for Kvamsdal), Leif Simen Mjånes (for Spilde) og Torkel Hjertnes (for Røttingen, som fekk ein skade).
Brenne jobbar no med å få ny treningskamp førstkomande onsdag.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.