To butikkar bli nye
Den eine stenger under totalrenoveringa.


To av leigetakarane på AMFI Os er i desse dagar i gang med omfattande renovering.
KID i 1. etasje hadde siste opningsdag laurdag, og skal opna i ny drakt torsdag 9. februar.
– Dei får også ei lita utviding. Utvidinga blir i entreen, ut mot fellesområdet, fortel eigedomssjef Lene Kristoffersen.
Princess i 2. etasje gjekk gjennom ei større utviding og oppgradering i fjor.
– I tillegg held Cubus på å fornya butikken, men dei tar halve butikken om gangen, og held ope under prosessen.
Den nye butikken til Cubus skal opna to veker seinare, torsdag 23. februar.
Einaste ledige butikklokale på senteret er den sjokoladebutikken heldt til i.
– Vi har fleire interessentar generelt, også på større lokale, men har enno ikkje avgjort kva som kjem i dette som er ledig, seier Kristoffersen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.